Habari? Nzuri!

Habari? Nzuri!
Ei halv veke Tanzania opplevd, og me sit stappfulle av inntrykk. Dette er AFRIKA. Det er saa mykje meir, annleis og likevel likt det me saag for oss paa forhand. Det er iallefall groonare, meir smilande og mykje meir variert, enn eg har sett fore meg. Imoetekomande, hyggelege folk overalt. JAMBO BWANA, hei kamerat=)
Fyrste dagen vandra me rundt i lokalomraadet. Rett borti vegen vart me stoppa av to store menn som sperra gata. Dei var ikkje skumle, dei ville berre at me skulle kome inn og helse paa barna i barnehagen. -MZUNGI!! gaulte ungane, og vart heilt ville. Mzungi betyr kvitingar, og sjoelv om det er mange av oss paa LOasis, er det faa rundt i nabolaget. Ungane var utruuuleg soete, me fekk koma inn og dei song til oss, bl a Petter slaar med ein hammar paa swahili og happy smiling children at school type songar paa engelsk. Dei har eit morsmaal, pluss swahili, som er det einaste lovlege aa bruka i skulen, pluss engelsk, som er det einaste brukte i ungdomsskulen. Og du snakkar om disiplin. Me svarte med aa synga eit par norske barnesongar, som me har vorte ganske drevne i etterkvart. =) Dei fekk ein fotball og ei barnebok, og var supertakknemlege. VIdare gjekk me gjennom skogen, laerte om jordbruket og livet her som eg ikkje skal plaga alle deko med. Daa me naerma oss skulen vart me oppdaga av eit par elevar, sog braatt kom ca 1300 elevar styrtande mot oss, for aa prata, halda handa og sjaa paa oss. og bli tekne bilete taa, ikkje minst=) Utruleg merkeleg aa vera midtpunkt blant totalt framande paa ein slik maate, dei er utruleg tillitsfulle og imoetekomande. Rektor gav oss omvising, bl a fekk me sjaa at dei hadde eige opplegg for "spesialelevar" som saag ganske bra ut. Laeraren saag ut til aa ta seg veldig godt av dei, og dei fekk 1.rett paa dei 4 nye pcane skulen hadde faatt av ein org. Ikkje verst. Synging og synging, danseoppvisning og utdeling av fotballar, boeker og sist men ikkje minst ballpumpe. Naar den kom fekk me kjempeapplaus, hehe. Veldig roerande, og imponerande DISIPLIN! Var utruleg fint landskap opp mot Mount Meru, det nest hoegaste fjellet her. Kunne lett budd her og jobba paa den skulen om det passa saann. Trur eg.
Dei to siste dagane har me vore paa safari og besoek i Maasai booma og Iraqw kultur senter. Safarien var fantastisk! Me koyrde gjennom Ngorongorokrateret i jeepar med hol i taket, skikkeleg TURIST opplegg, men gjennom enorme flokkar av gnu og sebra, og syn av einsame elefantar, loever som laag og daffa i sola, flodhestar som rulla seg i gjoerma, golden hyenas som luska rundt og saag etter matrestar, nashorn i det fjerne, apekattar i det naere, impalaar soim hoppa rundt, vannboeffel og boeffel, masse ulike fuglar;struts, black stork, flamingo og ein haug med ukjende. Og ikkje minst vortesvin!! utruleg morsomme dyr! var det absolutt ei god oppleving. SJiraffar var det daarleg med, men me saag eit par langs vegen paa veg bort. SJIRAFFAR LANGS VEGEN..eg har det topp. Natta var litt verre for mange. Me kom opp til campen, der telta var ferdigoppslaatt for oss og ELEFANTEN stor rett ved sida av! Me viste at det kunne koma boeflar, sebra, loever og hyener bortom om natta, og det gjorde det. Ingrid hadde allereie hoyrt paa det ho haapa var sebra eta graset ved sida av hovudet mitt i over ein time daa eg vakna. Buffalo, dont go out of the tent!!!!! ropte maasaivakten. Ok, me lyer. Med mitt ekstreme sovehjarta sovna eg att med ein gong, og forlot min noko engstelege teltkamerat. Vakna eit par gongar av boeffel, elefant og hyener. Og engstelege squik fraa telta rundt. Veldig artig aa ha opplevd!
Dagen derpaa reiste me til MAASAI BOOMAEN, der me fekk opptreden av hoppedansen, dei hoppar enormt hoegt! Spretne karar. Og mange av oss fekk paa oss store kragesmykker og bli med paa loefte paa skuldredansen. Me song litt her og, og "dama mi", hehe, ho som proevde aa laera med dansen, gjekk resten av besoeket og proevde aa laera seg "Jeg gikk en tur paa stien" =) Og selja meg ting dyrt. Det var real BUSINESS dette her, maasainae har laert seg korleis dei kan leva med turismen. Ein gut viste med rundt i husa og barnehagen/skulen, og lurte meg til aa kjoepa nokre smykker til 35 000 shilingi. Menmen, dei var fine og eg kan sponsa maasaisamfunna litt. SIdan me skal skriva eksamen om dette proever me aa fiska alle me lmoeter for informasjon, utruleg spennande tribe, men ikkje saa lett aa spoerja dei sjoelve. Baade pga engelsk og at, iallefall desse i turistboomaen, proever aa halda nokre av korta litt tett til kroppen.
Etterpaa besoekte me Iraqwane sitt culturalcenter, som var ein gaardsplass med to hus. EIn utruleg reflektert og interessant iraqw mann fortalte oss masse om korleis dei strebar for aa halda paa noko av kulturen sin, kjorleis dei vert paaverka av turismen, global warming og masse meir. Ei veldig open gruppe, som me falt pladask for. Dansing og synging gaar igjen, og eg likar det VELDIG GODT, Opne folk over alt, alle helsar, Jambo Jambo, habari? Me bur paa ein kjempefin oase utanfor Arusha, med badebasseng, vaktar og gekkoar. Ein veldig fin gjeng som reiser i lag, saa dette er moro=) No skal me snart i kyrkja, saa faar gje meg her. kjem ikkje inn paa hotmail ser det ut til, saa viss de vil sei noko kan de kommentera her, fjesbok eller fastname mailen. HEls alle kjende, og kos deko i snoen! Eg kosar meg utan=)

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg