Endeleg salt og skit frå det indiske hav i håret =)

Den AustAfrikanske kysten viste seg i dag å vera verdt å venta på. Båt, snorkling, beachvolley, sjømat og saltvatn ein kan duppa rundt i, fins ikkje betre paradis for ein Skipadaling.. Men for å starta der eg slapp sist;

På vegen frå Moshi til Dar reiste me innom fjelllandsbyen Lushoto, eit utrulig grøn og herlig plass, med frisk fjellluft, og eit utrulig idyllisk hotell frå kolonitida. Peis og forfattarskrivebord med drøymeutsikt på alle romma. OG dusj=) eit par av oss hang oss på ein lokal guide og gjekk ein tur til eit Irente Viewpoint. Det morsommaste med den turen var at det PØSA NED heile vegen, kattar, hundar, vevkjerringar store som snøballer. Søkk gjennomvåte sprang me gjennom maisåkrar og mellom hus der dei lokale haldt på å le seg i hjel av oss merkelige turistene. Onsdag kveld, etter ein utruuleg lang busstur, ankom me Dar Es Salaam og fekk endelig sjøluft i håret. Me bur på CEFA, eit gjestehus for folk som driv med NGO her nede. Fine rom, ferdigopphengte myggnett og ein herlig takterrasse. Her i byen har me mange spanende besøk for oss.
Starta på torsdag med møte i den norske ambassaden, der me fekk mykje informasjon om korleis norske og andre lands bistandsmidlar vert nytta her i Tanzania. Neste dag haldt ein ansett ved norsk folkehjelp foredrag for oss om same sak…svært ulike uttalelser, artig å sjå begge sider. Er bistand årsak til korrupsjon, eller er det det som får landet til å gå rundt såpass bra som det faktisk gjer(satt på spissen). Same dagen besøkte me Kiwohede, utrulig bra prosjekt/senter for born, der dei hjelp jenter som vert utnytta på ulike måtar, ein heil del frå trafficing og prostitusjon. Smilande jenter song oss velkomne og ei fantastisk dame som styrte det heile. Pengene me har samla inn i forkant (1, 2 millionar shillingi, ca 6000 nkr) overlevert her, og styreren og ungane vart kjempeglade, så tusen takk til alle som har bidratt ved å gje penger eller kjøpa kake=) Dei planla med ein gong at på tysdag skulle dei ha kjøt til risen for å feira, og dei skulle få seg litt skolebøker pluss andre høgst naudsynte ting. Fire søte 5 åringer frå nabolaget prøvde stadig vekk å stjele showet, utrulig søte, sprudlendes ungar som elska oppmerksomhet og å bli tekne bilete av, og difor kom springende der dei såg gjester med kamera. Me var eit lett bytteJ Turen gjekk videre til Emima, idrettsorganisasjon for barn og unge, som mellom anna har klart å senda eit par lag til norwaycup. Dei held treningar for ca 800 ungar kvar dag. Ungane hadde ei fantastisk danseopptreden for oss, smilande ungar igjen, med nokke utrulig entusiastiske leiarar/trenarar. EMIMA - KICKING AIDS OUT! Var slagordet dei ropte om att og om att. Trening og opplysing går hand i hand. Me hadde morsom oppvarming og slitsom fotballkamp mot desse sprekingene. For oss vart sandfotballspeling i sola ganske hardt, og 15 min var nok. Utruleg nok slo dei oss berre med ca 5 mål… Dei vart utrulig glade for fotballane, draktsetta og pumpene me hadde med. Fekk vita etterpå at 90 % av desse barna er foreldrelause som fylgje av HIV/AIDS hos foreldra, lever i eit lite rom som dei må ta vare på sjølve for at ikke “arva” skal gå tapt, og et toppen eit måltid om dagen, om dei har noko i det heile. Laga som speler i høge divisjoner får eit godt måltid to dagar før kampane, så dei skal ha noko å gå på i kroppen. Utrulig å få vita dette, etter å ha beundra dei livsglade spreke ungane rundt oss. ..
Elles har me og gjort feltarbeid på nattestid, ikke alltid like hyggelig å sjå eldre vestlige menn som nyttar høve blant flotte unge (og fattige) afrikanske kvinner. Slikt svei i augene uansett kor ein snudde seg i lokalet på lørdag. ..

I dag er det søndag, og eg er for fyrste gong solbrent, og blid(dog ikke for fyrste gong=), med salt og sand i håret. Dagen har vore perfekt etter mitt vet. Tok båt frå Dar Es Salaam og ut til Bongoyo Island der me spela volley, snorkla og sola oss i heile dag. Rekemiddag og mangojus + aftersun til dessert. Life is a beach, og på torsdag reiser me til Zanzibar. Hvor er nå det.

Kommentarer

  1. Herleg å høyra frå turen dekans. Eg får reiselyst langt ned i tedna. Me gledar oss te å høyra meir når du kjem heim. klem klem klem!!!
    Mammo, soklart

    SvarSlett
  2. kan nok ikkje akkurat garantera at denne turen kurerer reiselysta nei... gler meg likevel veldig til paaske heima i fagre hardanger, med goingane mine=)

    SvarSlett
  3. hei snuppa! utruli spennande å lesa alt du oppleve. leve meg heilt inn, og ser da sooo for meg!
    om ikkje akkurat turen kurerer reiselysta, vil du ha opplevelsen og erfaringen resten av livet. og da trur eg ikkje du angre på! :)
    gla i deg, og ve forsikti der nede i giraffenland ;)
    klem frå flisa

    SvarSlett
  4. takk schnuppo!
    ja, vil heilt klart sjaa ting med litt nye auge etter dette, og
    eg er meir forsiktig enn eg nokon gong har vore, saa hakuna matata=)

    motklem!!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg