Livet, havet og kjærleiken. Anno 1908

Bestefaren min viste meg for ei stund sidan eit langfartsbrev frå hans bestefar, Søren Sørensen til hans kjære hustru, Sine Malene Sørensen.
Avstanden og kjærleiken mellom desse tippoldeforeldra mine
har noko å læra oss, i allefall meg.
To veker i nordsjøen vert galskap å samanlikna. Å gle seg til jul med familien kan ikkje samanliknast.
Søren Sørensen var vekke  frå Sine Malene, borna og Skudeneshavn på barken "Helios" i meir enn 3 og eit halvt år i strekk. Han verka som ein utruleg triveleg, klok og god mann, med mange artige tankerekker og forteljingar. Brevet enda opp med å verta mi fordjupingsoppgåve på kunst og handverkstudiet ved HiB. Eg vil legga ved smakebitar, skrivne i Nord Atlanteren på denne tida, for 102 år sidan:

Den 8. November 1908;
”Det ser ut til at katten vil ha fatt i duene, men hvis han ikke lar dem være så får vi kvitte oss med ham, ti duene vil jeg ha. De er så pene og blå av kulør, og så glinsende om halsen.
Jeg holder nu på og binder på trollgarn som du og jeg skal fiske med når jeg kommer hjem. Det ville vært en fin tid nu å gått til Europa. (..)Om det skulde bli hjemover nu så blir det allikevel 3 ½ år fra jeg reiste til vi møtes. Ja, hva er livet på denne måten. Om det går riktig så fort så kan vi nå frem til Jul, men da må det gå svært fort. Nei, det går ikke.



 Søndag, den 22. november 1908

"God morgen min kjære. Idag hadde jeg et egg til frokost for første gang
på lang tid. Nå er det snart middag. Tenk om jeg kunne satt meg tilbords
hjemme. Det skulle vært godt med litt hjemmemat nu efterhvert. "

Eg laga 29 leiretavler i A4 størrelse med utgangspunkt i teksten.Her er den eg vart mest nøgd med, som òg gav tittelen til heile utstillinga:

Kommentarer

  1. Fine oldefaren min! Livet får verkeleg perspektiv når eg les brevet.

    SvarSlett
  2. Og eg verte rørt til tårer av slik lesning, fantastisk!!!Og dei leiretavlene...det må vel vere visse fordelar med å vere i slekt vel??? Er det plukk umogeleg å få kloa i nokon av dei, eller likanande??

    SvarSlett
  3. Klart det må gå ann å få kloa i ei av dei, Lynn! Eg kan legge ut bilete av fleire av dei (det eg har lagt ut er favoritten og heng heime..) Så kan du velga og vraka?

    SvarSlett
  4. Eg har no prøvd å finne dei andre du har lagt ut...kor er dei??? Eller har du glømt det vekk? For eg er like glødande interessert

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg