Gå til hovedinnhold

Innlegg

Siste innlegg

Ein god start

Ein god start er gull for motivasjonen. Difor lurer eg ofte meg sjølv til å tru eg er godt i gang med noko før eg har byrja. I morgon skal eg til dømes starta to-do-lista mi med: «1: Skriv Refleks, 2: Lever Refleks, 3:Klapp deg sjølv på skuldera». Så har eg juksa littegranne og kan skriva smilefjes bak tre punkt før morgonkaffien er ferdig gurgla. Kall meg lettlurt, men ei optimistisk innstilling er ofte halve jobben. Det funkar for meg. Denne kjensla vil eg òg ha med inn i det nye året, for å sikra at 2019 vert eit år med handlekraft og driv. Og det viktigaste blant ynskja mine er truleg å gjera mitt for å ta betre vare på jorda ungane mine skal verta vaksne på. Heldigvis er eg samd med dei fagfolka som meiner at me må vera klimaoptimistar og løfta saman. Eg treng heller ikkje lura meg sjølv for å sjå at mykje allereie er snudd, og at innsatsen folk gjer rundtom gir avkastning. I Kvam går til dømes Miljøbutikken «Plant eit tre» og Kjøp-og-sal-gruppene på Facebook så det su

De nyeste innleggene

Brillefest

Miss Forståing

Berre fortset-forsett

Ti tusen tommeltottar

Ekkoalder

Maskefall

f-ordet

Kaldt hovud

Del dine favorittar