Rosa Skylappar

Eg skal gifta meg om fire veker. Det vert utevigsle, brureferd og låvedans. Heilt sånn enkelt. Me har invitert sporty gjester og fint vêr – heldigvis. Som det ja-mennesket eg er, trur eg sjølve dagen vil gå som ein leik. Yes we can, på berget i Herand. Etterpå kan Herr og Fru Nygift smilande senka skuldrane og leva lukkeleg alle sine dagar... 

Tull, seier du. Det er då jobben byrjar. Ekteskap er hardt arbeid, stein på stein! 
Jovisst, men når me endeleg kjem fram til presten er kaketoppen glassert, fjorden passert, måsane sjokkert, ringane gravert,  servitørane kommandert, talane formulert, yr.no utdatert, gjestene plassert, maten gratinert, håret tuppert,  blomane dandert, morgongåva kamuflert, kontoen ruinert og låven restaurert... resten må då vera plankekøyring? 

Kaketopp... bles du. De må byggja forholdet. Gje kvarandre tid, tillit og kjærleik. 
Men Det skal me jo. Me må berre nett fyrst lima namneflagga på mastene på papirbåtbordkorta. Og smaka vin, bestilla blomar og...læra vals? Så skal me dansa litt på roser og segla på eit hav av tid etterpå. Då toler me sikkert å leva på luft ei stund óg. Eventuelt på rosa såpebobler. 
Du veit kva dei seier: All you need is love in the air. Faktisk. 

Refleks i HF 02.05.2014

Kommentarer

Populære innlegg