Skjerming.Enno.

Mange barn får Ipad til si fyrste jul. Poden min får ikkje eigen skjerm i år heller. Små podar skal sleppa all denne skjermtida, tenkjer eg. Dei treng leika, byggja, prata og verta lesne for, men dei treng ikkje swoucha på eit nettbrett. Dette har eg tenkt og sagt høgt ganske ofte. Og eg ynskjer å halde på prinsippa overfor min eigen vetle prins. Men så møter eg meg sjølv i svingdøra.

For meiner eg ikkje òg at digitale ferdigheiter er svært så viktig for elevane i skulen? Skryt eg ikkje uhemma av bestefaren min (85 år) fordi han er oppdatert på alt, ikkje minst teknologi? «Eg veit ikkje kor lang tid eg har att, så eg vil ta del i utviklinga no», seier han. Denne iveren over alt som er nytt imponerer meg, og difor spør eg meg: Er det ikkje slik eg òg vil vera? Kvifor vil eg ikkje at sonen min skal få same kompetanse som elevane, eg sjølv og besten har? Er dette dobbeltmoral, frykt for det nye, konservatisme eller gniteskap? Eg er ikkje redd for å vera litt gamaldags, men..


















Sving, svong, dama i døra sjanglar. Alle argumenterer jo for desse fantastisk pedagogiske appane og alt barna deira får til. Skal min knott segla akterut allereie før fylte to år?



Sjanglinga stoppar og brått står eg støtt i meg sjølv likevel: Kremt. Knotten er berre ein knott. Han har så mykje han skal læra. Eg trur faktisk eg er ei like god mor om eg skjermar han litt i oppstarten, set nokre av «faga» på vent. Skjermtid får han rikeleg av seinare (kanskje vert han òg ein hekta 85-åring). Inntil vidare kan me digga musikk til maten, lesa traktorbøker og snubla rundt på påysejakt i hagen. Om det er meg sjølv eller pjokken eg vil skjerma? Kven veit. Og kvar får velja sitt. Men eg har bestemt meg. Eg VeVeVe.LaPodeVeraPode.No.


















NB: Etter å ha skrive dette innlegget fekk eg tilsendt denne lenka: http://www.huffingtonpost.com/cris-rowan/10-reasons-why-handheld-devices-should-be-banned_b_4899218.html
Eg veit ikkje kor godt dokumentert dette er. Likevel trur eg ikkje det skadar å ha desse råda i tankane før ein gir nettbrett o.l. til Gullungen.

Kommentarer

Populære innlegg