Brende biblar. Eit tenkt scenario.


Tenk deg fylgjande: TV2 viser bilete av folk som brenn biblar i protest mot overgrep gjort i Kyrkja sitt namn. Nokre radikale kristne ekstremistar reagerer ved å fyrst truga, sidan drepa dei to journalistane som hadde laga saka.  Samfunnet tek sterk avstand frå handlingane og det vert viktig å stå saman mot terror – for ytringsfridommen.

Mange kristne går ut og seier dei aldri kan forsvara drap, og at dette var grusomme handlingar som ikkje stemmer med læra frå Bibelen i det heile. Ein del av dei vedgår at dei synes bileta var sårande, men det er langt frå å vera såra til å drepa andre. Nokre skriv lesarinnlegg, nokre går i fakkeltog, men dei aller fleste innbyggjarane viser meininga si ved å dela bileta av dei brennande biblane vidare på sosiale medier. Mediene reagerer på same måte, og svært mange publiserer bileta om att dei komande dagane. 

Alle for ein vert mantraet og terroristane må innsjå at her kjempar dei mot eit omfattande og oppstykka mål, ikkje mot ei enkelt mediebedrift på Nøstet i Bergen.
Spørsmålet er: Vert verda meir opplyst av å sjå desse bileta om att og om att? Fører det til at brennande biblar vert eit heilt ok bilete som ingen reager på i framtida?
Kven tener noko på denne krigen? Ytringsfridommen? Eller står ytringsfridommen og dei drepne journalistane for mykje meir enn akkurat denne saka? Kan ein heidra dei ved å kasta lys over andre tema, og til og med fleire sider av hendinga? Kva med overgrepssaka som var starten på det heile? Kanskje ein skal lytta til dei kristne og høyra kva dei tenkjer?
For på den andre sida; Kven tapar noko på dialog? Har ein tapt om ein vel å ikkje publisera fleire brennande biblar i kjølvatnet av terroren? Er ein usolidarisk og reddar sitt eige skinn då? Eg berre tenkjer høgt.. Er brenning av bruer den einaste vegen ut av ein slik sitasjon? Erklæra støtte og ta tydeleg avstand frå – ja, men fins det fleire måtar? 

-----
Min fyrste reaksjon onsdag var at ytringsfridommen er eit av våre høgste prinsipp, og må forsvarast uansett. Det meiner eg framleis. Men er humanitet, det å ta visse hensyn i media ei falitterklæring? Eller kan dei kombinerast på ein måte som viser både mot og forståing? 
Det er vanskeleg å setja seg inn i kva andre tenkjer. Og det er ein religion, ikkje eit sårbart barn utan evne til å forsvara seg sjølv, som har vorte "trakka på". Men denne situasjonen må nyttast for alt den er verdt for å få fram dialog og debatt. Å brenna bruer, skapa større avstandar mellom medmenneske, er det siste verda treng no. Det trur eg at eg kan stå for.
 




Kommentarer

  1. Flott innlegg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg syns dette er så vanskeleg å verta einig med meg sjølv om, men det gjer godt å få skriva ut tankane av og til:)

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg