Fri ytring.

-Men... kan eg alltid skriva om akkurat kva eg vil??
-Ja, så lenge du ikkje skriv
ærekrenkjande eller blasfemisk, var svaret eg fekk før min fyrste Refleks.
-Er dei galne? Kven skal verna lesarane mot mine tankar, og omvendt? Eg skiftar jo meining med vinden, skal slik forbigåande tankespinn koma på trykk??
Tydelegvis.

Men eg er glad for at det er så fritt i dei fleste medier i Noreg. Me har journalistar som både kan og vil «tenke sjæl og meine». Deira stemme har tidvis uvurderleg påverknad på samfunnet. Like etter Amal Aden-trugslane publiserte HF eit forsonande intervju med to muslimske kvemmingar. Eg var letta då eg opna denne avisa, og trur saka var avgjerande for debattane me fekk i bygda i etterkant.
Hadde eg vore misnøgd med noko kunne eg faktisk ha skrive det her, utan frykt for pisking. Innlegget hadde truleg fått spalteplass òg. (Eg skal prøva det om høve byr seg).
Orda kjennes òg frie på arbeidsplassen min. Me lærarane seier stadig «der er eg ueinig med deg, fordi ..(...)», utan at det fører til anna enn at me muligens forstår kvarandre betre, drikk meir kaffi og får lengre arbeidsdagar.

Som innbyggjar i Kvam kan eg fritt gå direkte til tilsette og folkevalde og seie at eg td synes integreringsarbeidet vårt ikkje held mål. Vert eg då knebla i maktens korridorar? Neppe. Kanskje får eg hint om å stilla til val viss eg skal vera såå engasjert, men familien min vert ikkje straffa med verken høgare skattar eller utestenging frå helsevesen og renovasjon.

Og eg er fri til å la vera å senda vidare teikningar av Muhammed, viss eg ikkje vil. Gjer det meg til ei usolidarisk pyse? Nei, eg trur ytringsfridomen har godt av at ikkje alle går under same fana. Det er vel ytringsfridom, ikkje ytringskrig, som skal føra samfunna framover? Krigen kan brenna bruer, men fridomen vil bygga stadig nye. Tenkjer eg.


Refleks publisert i HF 06.02.15

Kommentarer

Populære innlegg