Å ja, flagget!

Klokka halv elleve 1.mai fekk toåringen eit nytt ord i sitt stadig veksande vokabular. I det mor halsa gjennom huset med sjølvaste nasjonalsymbolet som eit spyd framom seg og orda «Å ja, flagget!» som eit slips etter, hadde me konkretisering og omgrepsopplæring på høgt nivå i heimen. Seinare kunne han imponert konstatera at fleire av naboane òg hadde funne fram «Å ja-flagga» sine.

Visste du forresten at forslaget til Noregs flagg vart teikna av ein tolvåring? Sonen til ein Eidsvollmann får æra for det. (I alle fall i samfunnsfagbøkene til 2.klasse.) Dilemma mellom å henta raud frå Danmark eller blå frå Sverige vart til slutt løyst ved Ole-Brumm-metoden; Ja takk, begge deler. Jammen var me ein nøytral og løysingsorientert nasjon allereie på 1800-talet. Det beste var at det var så økonomisk og enkelt. Ein kunne berre dele det danske flagget i fire og sy inn eit blått kors i midten. Raudt, kvitt og blått, fridommens fargar – ta-da! Kreativitet og latskap er ofte ein givande kombinasjon.

Flagget vart fint og det vart vårt, og jammen ser det ut til at me er ganske så stolte av det den dag i dag. Nokre av elevane mine er så heldige å kjenne tilknyting til fleire land. Etter å ha teikna det norske flagget, fekk dei her ein dag velja seg eit anna òg. Om det høyrde til opphavsland, oldeforeldre eller favorittfotball-laget, var ikkje viktig. Stoltare auge enn dei som viste fram dei to flagga sine skal eg leita lenge etter. 

No gler eg meg til å vifta med raudt, kvitt og blått på søndag. Eg kjem til å hugsa flagget, ja, ja, sjølvsagt. Kjenner eg meg sjølv rett er det andre detaljar som kjem som julekvelden på kjerringa før søndag morgon.  Eg seier berre: Å ja, stryka skjortene! Å ja, finsko? Å ja, kontantar! Å ja, isflekkar! 

Og sist, men ikkje minst;

 Å ja, bunaden har krympa! Hurra!


God nasjonaldag! 

(Publisert i HF 15.mai 2015. Legg det ut no fordi eg likar å ha refleksane mine publisert på bloggen, sjølv om det er lovleg seint.) 

Kommentarer

Populære innlegg