Sommar på is.

På is. 


Lat meg kverka ambisjonar
om storbyar og slott.
Om treningsprestasjonar
og nybygget så flott.

For kva er det me jagar
i den gode ferie sitt namn?
Eg set mi lit til late dagar
og timane som forsvann.

Reiseradiovisa
vert min morgonsymfoni.
Eg spyttar tannkrem over ripa
les gamle vekeblad på ny.

Let så nyfikne måsar
stå for iveren og praten.
Haustar tilfeldige møte
og melon i salaten.

Orda flyt i straumar
utan trengsel, utan hast.
Diktet kjem så gradvis,
rytmen heng seg ikkje fast.

Rekekyssa hender
små jordbærfrø i tann.
Skuldra luktar solskinn,
lakenet fullt av sand.

Sommarbordet er duka
til regnet som kjem brått.
Eg treng nok ikkje luka,
for sneglen har det godt.

Dagen vert det dagen blir,
eg pustar sommarbris.
Tek varmt imot det sola gir,
vinn latskapsheiderspris.

Ferietid er lading
av vennskap, sjel og kropp.
Eg vinkar til isbading
og smiler mot ein fjelltopp.

Eg eig ikkje ein raud tråd,
ingen snarveg til paradis. 
Men vil du har eit godt råd

-set pengane på is.









Refleks i HF 10.07.2015

Kommentarer

Populære innlegg