Du vil ikkje leia meg lenger

Du vil ikkje leia meg
lenger
sjølv om isen er glatt
og det snør

Treng ikkje fylgjast
heller
mot leiken
med villmenn og brør

Tørkar vekk kysset
frå kjaken
Tek på støvlane
fer på dør

Sjølvstendig og trygg
er du, guten
Eg tek feil, du er modig
ikkje skjør

Eg svelgjer «Forsiktig!»
tre gonger,
bit  hardt i tunga
den blør

Skjelvent må mitt hjarta
stola
på at dette går bra,
ingen dør

av å sleppa den vernande
handa
og sjølv velga ut
kvar ein trør

Små føter som
leikar og dansar
meistrar alt
om dei vågar og tør

Så eg kviskrar det inni meg
stille
for eg veit godt
at eg ikkje bør

-Forsiktig min gut, kom
tilbake
Strekk handa di mot meg
som før

Kommentarer

Populære innlegg