Ein god start


Ein god start er gull for motivasjonen. Difor lurer eg ofte meg sjølv til å tru eg er godt i gang med noko før eg har byrja. I morgon skal eg til dømes starta to-do-lista mi med: «1: Skriv Refleks, 2: Lever Refleks, 3:Klapp deg sjølv på skuldera». Så har eg juksa littegranne og kan skriva smilefjes bak tre punkt før morgonkaffien er ferdig gurgla. Kall meg lettlurt, men ei optimistisk innstilling er ofte halve jobben. Det funkar for meg.

Denne kjensla vil eg òg ha med inn i det nye året, for å sikra at 2019 vert eit år med handlekraft og driv. Og det viktigaste blant ynskja mine er truleg å gjera mitt for å ta betre vare på jorda ungane mine skal verta vaksne på. Heldigvis er eg samd med dei fagfolka som meiner at me må vera klimaoptimistar og løfta saman. Eg treng heller ikkje lura meg sjølv for å sjå at mykje allereie er snudd, og at innsatsen folk gjer rundtom gir avkastning.

I Kvam går til dømes Miljøbutikken «Plant eit tre» og Kjøp-og-sal-gruppene på Facebook så det susar. Det tøft at mange eg kjenner både gav og fekk fine, brukte gåver under treet i fjor. 2018 var òg året då heile Øystesevassdraget vart verna, takka vera folk som fulgte med og engasjerte seg før det var for seint. Globalt viste forsking like før jul at holet i ozonlaget vert stadig mindre, og truleg vert fullstendig reparert innan 2060. Og på same tid vedtok EU eit forbod mot eingongsplast, inspirert av stadar som New Delhi og Frankrike. Minst 24 afrikanske land har forlengst forbydd plastposar. Lokalt engasjement, underskriftskampanjar og gode avtalar monnar.

Difor gjev eg 2019 eit klapp på skuldera og smilefjes for ein god start. Med fønvind i ryggen klarar eg gjerne å ta nokre grep sjølv òg. Så min kvardag iallefall ikkje fyller meir på to-do-lista til dei som kjem etter. Det er ein god start. Godt nyttår!

publisert i Hordaland Folkeblad 11.01.19

Kommentarer

  1. To the point and written well, thanks much for the info
    Thanks for putting this up, it was quite helpful and helped immensely
    obst und gemüsereiniger

    SvarSlett
  2. new to blogging and would like mine to look as good as yours. Thanks a lot. Breast Enhancement pills
    Hey, youve got a very nice post there. I have to agree with what you say I will bookmark this page and check for more updates. You can check out my page as well its negative ion generator reviews consumer reports
    air purifier made in germany
    meat purifier

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg