Blott til lyst

"Blogging er vår tids blotting" i fylgje Jonny og onkel P. Eg er då altså i ferd med å kle av meg. Offentleg, internasjonalt og internettialt. Og det bør ein jo tenkja seg litt om før ein gjer. Fyrst og fremst av hensyn til dei som tilfeldigvis må sjå på, men òg med tanke på om det er så kjekt å ha blottlagt seg når ein ser tilbake om ti år. Samtidig må eg jo sei at det stort sett er svært så frivillig å gå inn å lesa ein blogg. Sjølv om du kanskje har vimsa deg vidare frå ei anna meir anonym side, må du gjera noko aktivt for å koma innpå den aktuelle bloggen. Den ligg der synleg for alle som veit vegen og vel å sjå etter. Men den hoppar ikkje opp framfor deg som ein popup-reklame heller. Kan det samanliknast med eit einsamt hus litt utanfor allfarveg, der ein ikkje har gardiner på badet på baksida av huset? Ein kan gå inn i skogen og rundt huset og kika inn viss ein vil, men det må kallast ganske aktivt oppsøkjande og frivillig, og ein kan neppe anklaga huseigarane for å blotta om dei spaserar utan handklede frå dusjen?  Om du derimot møtte ein slik popup-reklame, eller ein nudist som spratt fram frå autovernet, då snakkar ein blotting.                                                                                         

Nokre gongar vert blogginnlegga som dagbøksider. Dagbøkene har ingen hengelås, som i gode gamle dagar, då eg og min helt -Pippi Langstrømp- var små. (No såg eg i Se og Hør at er ho vorte 50 år-medan eg berre er halvparten.. imponerande kor fort ho veks!) Det var ganske lett å få opp desse Nille-hengelåsane då, det skal seiast, ei god venninne av meg hadde ingen problem med å låsa den opp og låsa seg inne på rommet mitt for å lesa. DÅ følte eg meg blottlagt då, snakkar om sniking. Men dagens bloggdagbøker er det meininga at andre skal lesa. Ein skriv på ein heilt anna måte. Ein gjer sine eigne opplevingar allminnelege og lette for andre å setja seg inn i, ein skriv ikkje berre for sin eigen del lenger. Ein blottlegg seg fordi ein har lyst til det, rett å slett.

Konklusjon: Dei som ikkje har lyst, har ikkje lov heller -trur eg.

Kommentarer

Populære innlegg