Dette er ikkje ein reiseblogg

, og for å bevisa det må eg altså no vri hjernen og skriva utan å reisa fyrst. Dvs, eg har akkurat reist - trassa alle velmeinte tips sette meg på bussen frå Øystese til Bergen. Og før det klemte eg opptil fleire store familiar i rein protest. Kjekt og godt, gjorde meg frisk til sinns. Men eg skal altså ikkje skriva om Rein Reising no på ei stund, for dette skal verta ein allsidig Blogg, eller Vevlogg som det òg heiter på norsk. Saken er at då ei kreativ klassevenninne av meg oppdaga at eg eigde ein eigen blogg, sa ho: "Åja, bilder og turer... mm.. kjekt. men eg liker å skrive om ting som er interessanne for folk å lese om då. ..andre folk.. eller, Prøver i allefall. " Så eg vil satsa på å laga ein ny profil. Eller forresten, profilen vil eg ha som den er. Me er vel alle stadig i nye farvatn. Og no har eg i tillegg kasta meg på seglebølga, så då må overskrifta passa betre enn nokon gong. Hurra, -nei til forandring!

Kommentarer

  1. I love it ;) Flink å skrive allsidig "ikkje-reiseblogg". Sjåast i morgon!

    SvarSlett
  2. Takk Malin - "mi kreative venninne" :) framifrå nynorsk by the way!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg