Gje gass, og gje det vidare!
For ein liten time sidan mottok eg ein uventa telefon. Ein pensjonert norsklektor frå austlandet valte å ringa og takka meg for "den fine utsikta" eg hadde gitt han via gårsdagens Refleks i HF. Han brukte ikkje ringa sånn i tide og utide, men han måtte berre takka meg, ynskja meg lukke til med vidare skriving.
Ja, Gi gass, det må jeg si, jeg er glad i nynorsk og dette var veldig god lesing. Skriver du mye, du skal vel skrive mer? Du må gjerne bruke meg som referanse! "
J Ø S S
Eg stod ei stund som eit spørsmålsteikn på kjøkengolvet. Etter å ha summa meg litt kan eg konkludere med at denne korte, uventa telefonsamtalen gav meg minst to viktige tankar:
Så slo det meg kor uverkeleg det er at denne til no ukjende personen brydde seg med å finna mitt nummer og ringa for å skryta. Sjølvsagt er det både varmande og viktig å få respons frå dei som er nære og kjære, men dette vert heilt annleis. Han hadde ikkje trengt å gjera det, men han gjorde det likevel. Konklusjon: Eg må gje gass, og eg må gje dette vidare!
I trongen til å gje dette vidare har eg no fylt ut to "hemmeleg ven-kort" som skal postast snarast (hemmeleg ven). Eg håpar eg kjem på noko anna lurt i løpet av kvelden. Har du motteke overraskande ros/støtte før? Har du gode idéar du vil dela? Gje gass, og gje det vidare!

Kommentarer
Legg inn en kommentar