Utsikt


Me lever i eit av verdas rikaste land, så kvifor er me ikkje òg verdas lukkelegaste folk? Ifylgje historikane har me i Noreg i dag betre moglegheit til å skaffe oss den maten me vil enn Solkongen, Ludvig 14. i Frankrike, hadde. Kvifor svevar me ikkje rundt på ei euforisk sky av sjokolade natt og dag?
Nøkkelen til lukkekjensla finn me på framsida av vekeblad og tabloidaviser. Gjennomsnittsnordmannen skårar 67 % på lukketestar, noko som vert definert som lite i Noreg. For å hjelpa oss, har NRK i haust sendt dokumentarar som Lykkejakta, Oppdrag: Lykke og Prosjekt Perfekt. Her prøver middels nøgde nordmenn å finne lukka med populærvitskaplege råd og eksperthjelp. Ver takknemleg, tren, nyt, set deg mål, lev i nuet, ver sosial, ta deg tid til deg sjølv o.s.b.


Kva er det me håpar å få svar på? Sjølv er eg jo eigentleg nøgd. Bekymrar eg meg verkeleg for om eg kunne vore ørlite meir lukkeleg når born og vaksne leitar desperat etter vatn, mat og kvarandre på Filippinane? Eg skal vera så takksam som ikkje har sjanse til å setja meg inn i korleis dei har det. Sett på spissen av min eigen egosentriske kvardag er det likevel  “det”  som er problemet. Eg er blant kongane på haugen. 

Eg har utsikt frå Mount Everest. Men å nyta henne er lettare sagt enn gjort til tider. 

Me er heldige. Men pose og sekk er vanskeleg å få med seg samstundes, særleg om ein vil ha det med seg til toppen av verda, der ein kan sjå ned på dei som verken har sovepose eller redningsvest. Det er vanskeleg å oversjå dei. Kvifor har me fortent dette? Skal me klatre ned att? Eller skal me ta oss betre tid til å vere takksame, sjå på soloppgangen og snuse inn lukta av roseblada?

Eg seier ikkje at nordmenn ikkje fortener å vera lukkelege. Tvert imot! Jo fleire som finn sin måte å leve eit godt liv på, jo betre er det. 
Eller er det nokon som vert lukkelegare av at me på toppen klagar på utsikta? 

Refleks i Hordaland Folkeblad 15.11.13 

Kommentarer

Populære innlegg