Ikkje takk Malala!


Eg er ikkje nøgd med at Malala fekk Nobels Fredspris. Det trur eg heller ikkje ho er. 

Ho fortener den og ho er eit viktig førebilete, heilt klart. Malala er 17-åringen som skreiv blogg og vart skoten for å tala Taliban i mot. Å få Fredsprisen er ei enorm annerkjenning av at det ho gjer er viktig. Men ho har ikkje risikert livet for å få takk frå menn med makt. Kampsaka er rett på utdanning for alle barn. Så lenge det målet ikkje er nådd er ikkje prisen nok i seg sjølv, tenkjer eg. 

Ein av dei som har takka Malala, er Obama. Ho svara at droneangrepa USA utfører mot Taliban skapar meir ekstremisme og sinne, noko som gjer situasjonen stadig verre. Utdanning er nøkkelen, krigshandlingar fører berre til meir krig, sa den modige jenta. Tidlegare fredsprisvinnar Obama har etter det eg veit ikkje stansa ei drone til no. Eg tvilar dermed på at ho sette pris på takksemda hans.


Dersom heile verda takkar, liker og deler artiklar om Malala, fører heller ikkje det automatisk til at fleire jenter får gå på skule og at droneangrepa tek slutt. Merksemd kan motivera og gje positive ringverknader. Poenget mitt er likevel at det må handling og ressursar til, og det veit dei som brenn for slike mål.  



Eg vil difor nytte FN-dagen til å seie;
Ikkje berre takk Malala – lytt til ho!
Ikkje berre sjå opp til motet hennar – ver modig!
Ikkje tål så inderleg vel den urett som rammar verda rundt oss. Sei i frå, engasjer deg!
Ikkje spar på pengane i tilfelle me får ebola til Noreg – støtt innsatsen til dei som kjempar for livet no!
Ikkje skryt av dei frivillege i Kvam - jo, forresten, hald fram med det - men gjer gjerne ein innsats sjølv òg! Kanskje vil akkurat ditt bidrag utgjere ein stor skilnad.

På førehand tusen takk!


Refleks i HF 24.10.2014

Kommentarer

Populære innlegg