Påysejakt!
Endeleg skikkeleg haust! Endeleg
regntunge, dusgråe morgonar der ein kan velja sjølv kva humør ein
vil ta med seg ut. Endeleg lange kveldar med varme sofakrokar der ein
har rom for vide tekoppar og djupe samtalar.
Om dette vert for klisje
for deg, har eg nokre alternative årsaker til å ta i mot haustveret
med jubelrop:
-Naturfaglærarane slepp å avslutta
faktasetningar om årstida med å seia: «..men i år er det litt
annleis..» No kan me trygt lesa frå læreboka; Om hausten er det
regn og vind, mørkare og kaldare osb.
-Trekkfuglane og andre strandløver som
skal sørover i haustferien slepp å angra. Dei får truleg finare
vér der enn dei som blir heime.
-Dei som skulle mala huset utvendig kan
pusta letta ut. No er toget gått for i år.
-Fjordane kan få kjølna ned. Torsken
slepp å sikla etter febernedsetjande tablettar. Dei som ikkje trur
på global oppvarming slepp å ergra seg over stadig nye
varmerekordar.
-Badebuksene kan trekka opp på loftet
for å krympa i fred og badenymfene får den merksemda dei fortener
for septemberbading. Avisene slepp å ha fleire fantastiske
sommarvarme-framsider.
-Bjørnar og andre dovendyr kan krypa
inn i sine lune hi. Te-, paraply- og støvelprodusentane kan få litt
gang på omsetjinga før vintersalet.
-Det vert meir sosialt å gå på
treningssenteret enn å gå til Torefjell.
-Alle me med kronisk
«må-vera-ute-når-det-er-fint-ver»-syndrom kan lata regnet vaska
vekk dårleg samvit. At me er mange er eg overtydd om. At me har
spart opp husarbeid lenge kan ein diger hær av mine eigne
hybelkaninar skriva under på. (Det vedtok dei på årsmøte allereie
i august.. ) Etter ein lang beitesesong med fred må desse no bu seg
på å vera fritt vilt.
-Og sist, men ikkje minst;
Påysesesongen er i gang, folkens! Borna våre kan endeleg få
fyrstehandserfaring med det unike kvammaordet påysa. Fantastisk.
Hopp i det og god jakt!

Påyse = dam, sølepytt, søledam. Refleks i HF 26.09.14
Kommentarer
Legg inn en kommentar