Definer ordet mot

Du har ikkje arbeid, heller ikkje håp om å få det i næraste framtid. Du har ëi kone og ein son på ti år. Du bestemmer deg for å gjera noko med situasjonen. Kva som helst.
Du høyrer om nokre vulkanske øyar i Stillehavet. Der er det jord nok til alle, frodig jord, og mykje fisk i havet -i fylgje ei venninne av di kone. Dersom ei av desse opplysingane stemmer, er det verdt det. Du reiser.
   Så langt høyrest dette ut som ei spesiell, men tenkjeleg livsvending i våre dagar. Men; legg til at året er 1935. Du pakkar med deg alt du eg, fem tonn i alt, og får med fleire familiar på ein stor seglebåt. De seglar i 26 dagar før de kjem fram til Equador. Lokalbefolkinga kan fortelja at du har gjort ein stor stor tabbe. Paradis-øyane du drøymer om skal vera tørre og lite dyrkbare, dei fleste har knapt høyrt om dei. Berre to av familiane vil framleis søkje lukka. De seglar i fleire dagar enn de skal, kapteinane kranglar, de ser berre hav, hav, hav..
        Er du med så langt? Har du mot til å segla vidare? Høyrer du på tvilen, fornufta, den standhaftige kapteinen som stadfestar at du har gjort ditt livs tabbe? Det er inga skam å snu, men då får ein aldri vita.  Kven har fortalt venninna til kona di om dei i fyrste omgang? Har du mot til å høyra på kapteinen som trur de kan nå øyane om de berre seglar Litt Til?
Dette er  berre starten på historia om korleis Thorvald Kastdalen fekk eit barnebarn som heitte Thorvaldo. Og om relasjonen mellom kyr, steinar og store skilpadder. Men det er seint no, Historia held fram ein anna dag. := )

Kommentarer

Populære innlegg