Ein sesong for alt.

I fjellet har den raudgule sesongen for alvor sett sitt preg på omverda no. Der er det sesong for å sjå seg om og smaka på lufta på ny. Haustlufta klarnar opp hjernen om du dreg den inn i lange snus. Ei kontrastfylt luft, der våte, raude blad og små, lyse, lette solstrålar blandar seg med klare, blå vindpust slik at du verkeleg vaknar i det du let denne blandinga sleppa inn til lunger og hjernebark.


Byrkjesete september 2010

Ein fjelltur tidleg i haustsesongen gjev ein ein forsmak på alt det vakre som skal henda like utfor vindauga om nokre veker. På austlandet er hausten sesong for dei gode, lekre haustjakker, og eventuelt litt tjukkare labbar i tøyskoa. Ved fjorden og langs kysten har allversjakka allereie kasta seg inn i høgsesong. Hausten står for ei slags open forventning.
 Eg for min del har alltid venta på noko nytt om hausten; nye studiar, ny jobb, gjerne etterfulgt av nye vener, kombinert med at dårlegare ver, lengre mørke kveldar skal føra til heilt ny effektivitet på alle arbeidsområde. 


Byrkjesete september 2010
   I år skal det visst verta enno meir annleis enn eg førestilte meg. Hausten vert no sesong for å planlegga skuleåret til over 30 håpefulle elevar. Planlegging er moro, tenk alt det kjekke ME skal få gjera i kunst og handverk, kroppsøving, engelsk, uteskule og ikkje minst musikk. September er godt i gang, oktober har haustferie og frie tøylar. Og brått er det umogleg å få ned ord som ikkje byrjar på jule- på planane. Desember står for døra med juleverkstad, jule-beatforbeat, jule-hinderløype (i snøen?), produksjon av jule-gåver og juletrepynt. Og christmas-carols, for variasjonens skuld. Å gubba noa, brått nynnar eg på rocking around the juletre og kjenner smaken av god gløgg lure seg fram på tunga.  Noko er skrekkeleg gale, sesongen for planlegging føregrip alle begivenhetars gang og hausten er for lengst historie. Men vent.  Men kva hende med november? mørkre,mørkre,mørkre. kanskje kan det høva å legga inn førebuing til sommarferien der? Så er det gjort. Ja, eg trur me går for det. Swicshhhhh.....

Kommentarer

Populære innlegg