Utsikt frå Mount Everest..

Du har høyrt det før: Me lever i verdas rikaste land, burde me ikkje òg vera verdast lukkelegaste befolkning? Spørsmålet har vore debattert i det fagre landet vårt lenge, og er typisk innslag i 17. mai og nyttårstalar. Og no òg i denne bloggen. Me har jo vunne i lotto og har vorte kongen på haugen på ein gong, kvifor klarar me ikkje gle oss over noko så fantastisk?

7-åringen pustar letta ut på toppen av haugen. Han har kjempa seg opp og vart endeleg konge! Han jublar og vinkar ned til alle dei andre! Til Per og Jens som har fått nokre skrubbsår på vegen, og framleis leikar og kranglar og prøver å koma seg opp. På Anders som han skubba i bakken lenger nede. Kjenner han eit stikk i brystet? Men han måtte opp aleine, for sånn er nemleg reglane! Han fortente plassen like mykje som alle andre, han var den sterkaste, han ville mest og hadde mest flaks denne gongen òg.



Kvifor er me ikkje verdas lukkelegaste når me heilt klart er verdas rikaste? Eg vil påstå at dei to er så godt som umogleg å sameine. Pose og sekk har alltid vore vanskeleg å få med seg samtidig. Særskilt om ein vil ha det med seg til toppen av verda, der ein skoda utover dei som ikkje har verken sekk, sovepose eller handleveske. Me kan prøva så hardt me vil, men det er vanskeleg å ikkje ha dei i tankane. Dei andre. Dei som ikkje har så mykje. Og då lurer ein på kva ein skal med den nye buksa, TV`en eller treningskortet. Og så vert me som ein fange i vår eigen rikdom, som aldri kan kjøpa den verkelege lukka, utan ein dose dårleg samvit på kjøpet.


Pessimistisk seier du? Eigentleg ikkje. Men det er kanskje litt storforlangande at av rundt 198 land, skal Noreg toppa begge kåringane? Kanskje kunne me heller ha slått oss til ro med og sett oss ned og vore lukkelege over å ha vunne den fyrste?

Kommentarer

  1. Eg er enig Tonje :) Bra skreve og fantastisk å lesa nynorsk igjen. Keep ut the good work. Mua

    SvarSlett
  2. Takkar og bukkar Malin:) Må jo passa på deg der borte over fjellet!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg