Et deg smart!

I kveld samla eg krefter og ingredienser og bakte ein ny kakesort. Intelligensskaker. Det vert den fyrste sorten i år. Fordi tittelen tilseier at kakene burde smaka ei blanding av tran, olivenolje og blåbær testa eg dei ut på meg sjølv fyrst. Visdom på kakeboks..det høyrtes vel godt ut? Nei? God unnskulding til alle som har eksamen i allefall. Et deg smart. Mmm, eg likar det.

Litt fakta: Hildegard Von Bingen var den smarte oppfinnar av desse kakene i si tid (den tida var for ca 1000 år sidan), og ho skal ha vore ein meister i helsebringande matlaging. Difor er kakene bakt med speltmjøl. I tillegg skal kanel, ingefør og muskat verke saman på nervesystemet slik at ein vert opplagt, konsentrert og uthalden. Genialt. Her sit eg, seint på natta og har ete ei halv oppskrift med visdom heilt aleine. Eg kjem til såå smart. Og eg kjem ikkje til å ville sova, det kjenner eg på meg.  4-5 av desse om dagen, og du held prestasjonsevne og mot oppe, i fylgje Hildegard av Bingen. 4-5 ja, det er sikkert klokt å stanse der. Eg åtvarar deg, kakene er faktisk veldig gode. Så det er ikkje enkelt å vera smart og standhaftig nok til å stoppe i tide..

Kommentarer

Populære innlegg