Garasje og band - hand i hand?

Me har isolert garasjeloftet vårt! Då eg måla skråtaket i det store, opne rommet fekk eg eit akutt behov som eg ikkje har hatt på ganske lenge.
 Eg fekk lyst å spela i band igjen!! Eit kvart garasjeloft, eller generelt ein kvar garasje, som held over 0 grader om vinteren, fortener eit band! Garasje og band. Det høyrer saman, som spaghetti og kjøttdeig, sløyd og gamalt pussepapir, Thomas og Harald. Jah, det høyrer liksom til!

I iveren fann eg fram albumet frå folkehøgskulen, og bileta frå mi enormt korte bandkarriere. Hehe, No Gossip heite dei håpefulle, som starta karriera med å spela på Folken i Stavanger. Underteikna hadde ikkje erfaring nok til å ta med ekstra strengar, og enda med å spela  på ein lånt, sur gitar. Gruppa me fekk låna gitazen av, som høveleg nok kalla seg  Katastrofe, Skandale eller noko i den du, var så snille at me fekk låna deira elgitar. Dei hadde aldri lagt vekt på å stemma gitarane "-Ka e ein tjuuunaarr?",  så lyden vart der etter. *grøss* :P
Bandkarrieren tok ca ei side i albumet, men det var i allefall ei veldig kjekk side!
.

'
Brynegadå med optimistisk gangelag, converce og gitarsekk.

Kommentarer

Populære innlegg