Ein spade.
Refleks i Hordaland Folkeblad 14.06.2013
.jpg)
Så har me heradsstyrepolitikarane då.
Snakk om å tru ein er noko. Tenka seg til, tru at ein kan styra ein
kommune! Nei, dei fortener eigentleg all den driten dei kan få.
Dersom me kan vri på det dei seier og misforstå litt med vilje, så
har dei bedd om det sjølv. Det er ikkje mobbing, det er politisk
debatt. Det er viktig at me får slike debattar i avisa og rundt
middagsborda, og at nokon kallar ein spade for ein spade, ein tosk
for ein tosk. Det er noko alle og ein kvar forstår.
Men ein ting må me gå saman og få
slutt på. Det er altfor mykje mobbing i skulen! Dersom noko skil
seg ut, trur dei er noko, tek for mykje plass, tek for lite plass,
har for dyre kle, for gamle kle, eller rett og slett kjem frå feil
slekt kan tilfeldig utvalde verta baksnakka, latterleggjorde og
utestengde for den minste bagatell. Medelevar kan få seg til å seie
og gjere dei mest fornedrande ting mot dei uskuldige stakkarane for å
heva sin eigen status i flokken. Eg berre lurer;
Kvar tek dei det frå?
Kommentarer
Legg inn en kommentar