Ruging.
Refleks i Hordaland Folkeblad "Palmefredag" 2013

Å ruga vert definert som å liggja på eit egg, å hekka. Altså å passa på noko. Ta vare på det. Gje det kjærleik og varme. Venta til det har vakse seg stort og sterkt. Stort nok og sterkt nok til å sleppast fri, ut i verda, til dei andre. I starten av ruginga er det meir som ein løyndom. Folk anar kanskje at du ruger på noko, men ventar i spaning på at gullegget skal klekkast. Spaninga er kanskje størst for den som sjølv ruger. Vil dette gå bra? Vil det bli teke godt i mot hjå dei rundt deg?Vil det veksa seg sterkt nok og takle sjølve klekkinga? Og kor lenge skal du ruga?
Nokre egg er frittgåande, og du må sjølv finne ut når tida er inne for klekking. Men pass på, sjølv dei mest geniale gullegg kan gå ut på dato. Ta sats og gjer draumane til verkelegheit, før egga trillar ut og høna heller vil ominnreie reiret enn å skape noko nytt.
Andre egg har tidsfrist, dato for termin, deadline. Då får det brista eller bera, ein må berre klinka til. Kanskje ruger ein på noko som er større enn det ein sjølv kan forstå. Eit lite under, som visstnok skal gjera krav på all merksemd, alle tankar, alle idear i nær framtid. Korleis det vil gå, har ein ingen føresetnad for å svara på. Men at det får sinnet til å smila og hjarta til å glisa under ruginga skal vera heilt sikkert. Klukk klukk.
Kommentarer
Legg inn en kommentar