Nyårsforsett
Refleks i Hordaland Folkeblad i januar.

Etterpå sit eg at med nye tankar og
erkjenningar. Me har svært mykje til felles, men noko er ulikt som
natt og dag. Det som kanskje overraskar meg mest, er kor takknemlege
dei nye venninnene er for å vera på besøk i ein norsk heim i
nærmiljøet sitt i Norheimsund. Desse fire har alle budd i landet i
vel eitt år, og berre to av dei har til no vorte inviterte inn i ei
stove i Kvam. Eg veit sjølv kor mykje tryggare eg kjenner meg på
ein ny stad etter å vitja nokon som faktisk bur der sin heim.
Det er ikkje ufarleg å flykta frå
land som Eritrea og Sudan. Det er ikkje enkelt å reisa frå familien
og alt du har kjært – utan å vita om du nokon gong kan reisa
tilbake. Det er heller ikkje sjølvsagt å verta ynskt velkomen inn i
det nye samfunnet du flyttar til. Langt i frå.
Det som derimot er enkelt , er å
smila til dei me møter i bygdene våre. Det som faktisk er
heilt ufarleg er å seia hei til dei me ser fleire gongar i veka. Det
som burde vera sjølvsagt, er å vera så takknemleg for det
ein har at ein ynskjer å dela dette med fleire. Dette skal eg øva
meg på i 2013. Smila, helsa, prata og faktisk ha dørane litt meir
opne. Det er ikkje sjølvsagt at eg får det til med det same. Sånn
er det med ekte nyårsforsett. Men kva har eg å tapa på å øva?
Kommentarer
Legg inn en kommentar