Definer ordet mot 2



Du har ikkje arbeid, heller ikkje håp om å få det i næraste framtid. Du har ëi kone og ein son på ti år. Du bestemmer deg for å gjera noko med situasjonen. Kva som helst.
Du høyrer om nokre vulkanske øyar i Stillehavet. Der er det jord nok til alle, frodig jord, og mykje fisk i havet -i fylgje ei venninne av di kone. Dersom ei av desse opplysingane stemmer, er det verdt det. Du reiser.
Frå min eigen segletur mellom Galapagosøyane i 2007

   Så langt høyrest dette ut som ei spesiell, men tenkjeleg livsvending i våre dagar. Men; legg til at året er 1935. Du pakkar med deg alt du eg, fem tonn i alt, og får med fleire familiar på ein stor seglebåt. De seglar i 26 dagar før de kjem fram til Equador. Lokalbefolkinga kan fortelja at du har gjort ein stor stor tabbe. Paradis-øyane du drøymer om skal vera tørre og lite dyrkbare, dei fleste har knapt høyrt om dei. Berre to av familiane vil framleis søkje lukka. De seglar i fleire dagar enn de skal, kapteinane kranglar, de ser berre hav, hav, hav..
        Er du med så langt? Har du mot til å segla vidare? Høyrer du på tvilen, fornufta, den standhaftige kapteinen som stadfestar at du har gjort ditt livs tabbe? Det er inga skam å snu, men då får ein aldri vita.  Kven har fortalt venninna til kona di om dei i fyrste omgang? Har du mot til å høyra på kapteinen som trur de kan nå øyane om de berre seglar Litt Til?

Med gitaren, draumen og flybillett til Boston
I går flytta syster mi over dammen. Til Boston. Med studieplass på låtskrivarlinja ved Berklee, utan nøkkel til leilegheita, med mykje pengar i kofferten, utan stønad frå lånekassa, med gitar og lovnad om ei stor studiegjeld, utan vintersko, med seks månader med hardt arbeid bak seg. Og ikkje minst, med ein draum.
Er det modig å søkja seg til Berklee? Ja, litt. Er det modig å reisa? Tja, litt? Boston fins på kartet, og flyet hennar landar truleg på rett stad.

Er det modig å drøyma? Ja, det krev mot. Kor ofte vert ikkje draumen liggande nedst i sokkeskuffa, av frykt for å verta akkurat skuffa?
Det ho gjer som er modig og beundringsverdig, det er at ho tør fylgja ein av dei store draumane sine.
Dette handlar ikkje om eventyrlyst, om å hoppa på det fyrste og beste og håpa på morosame erfaringar undervegs. Det handlar om å satsa og jobba hardt mot ein draum langt der framme.
Og om å overvinna den indre jantelova.

Ein ting er å våga ting andre ser på som modig. Eg har sjølv vorte skulda for å vera modig nokre gonger, der eg følte at eg ikkje hadde noko alternativ. Situasjonen krevde handling og eg handla. Det var det enklaste valet i verda. Det krevde ikkje mot i det heile. Løvetann som veks gjennom asvalt har heller ikkje noko val. Dei må vera sterke, stå i situasjonen, kjempa, men mot har vel ikkje så mykje med det å gjera. Det som krev mot, er å tora å satsa og gjera ting som du ynskjer, men ikkje må. Fylgja draumar, gå utanfor komfortsona.

Løvetannen er sterk, men ikkje modig. 
Det å posta dette blogginnlegget, mitt fyrste blogginnlegg på tre år, det krev faktisk mot. Den indre jantelova er knallhard. Sjølv om eg i teorien berre publiserer noko for å motivera med sjølv til skriving- den eigentlege draumen - får eg stadig tankar om kor sjølvopptatt og belærande eg må framstå når eg bloggar. Kven trur eg at eg er? Kven trur eg vil ha glede av å lesa dette? Men eg gjer det, fordi det er eit steg i retning av å fylgja ein draum. Det syns eg er modig. I allefall litt. Mot kan ikkje samanliknast, men om me hadde gjort det hadde syster mi vunne. Eller kanskje Thorvald Kastdalen. Likevel, kvar reise byrjar med eit lite steg.
Kva er mot for deg?

PS: Dette var  berre starten på historia om korleis Thorvald Kastdalen fekk eit barnebarn som heitte Thorvaldo. Og om relasjonen mellom kyr, steinar og store skilpadder. Men det er seint no, Historia held fram ein anna dag. := )
Systera mi kan du fylgje på http://eligauden.wordpress.com/

Kommentarer

  1. Modig har du alltid vore, men iblandt har det nok vore vanskeleg å visa det!
    mammo

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg