Minimalisme, kreativitet og gjenbruk; Ja takk, alle tre!
![]() |
Kanskje dette kan brukast til noko? |
Redesign var eit ord me ikkje kunne, men me utførte det stadig. Det me gjorde enda stadigare var sjølvsagt å ta vare på alt. For kanskje, kanskje, kunne denne gjenstanden bli til noko kreativt. Det kunne òg koma på moten igjen eller bli brukt om att på nye måtar.
Resultatet vart at eg i min barndomsheim, og seinare min eigen heim, oppbevarte store mengdar stoff, gamle dongeribukser(blir sitjeunderlag), syltetøyglas og anna embalasje(blir til kul oppbevaring, lykter, evt ein julekalender?), øsjer(kunne pyntast, gje gåver i), papirbitar(kort), gamle kunstblad (til klypp og lim) osvosv osv. Stygge rammer, møblar ol kan malast, bøker kan bli til nattbord. Denne måten å tenkja på, at ting ikkje skal forbrukast, men gjenbrukast på kreative måtar, er noko eg er evig takknemleg for at mor mi har overført til meg.
Paradokset i heimen min no er at kontoret/syrommet/malerommet vert overfylt, og det freistar ikkje til kreativitet i det heile. Desse romma, i tillegg til loft og kott, skrik -RYDD MEG OG SORTER! dagen lang, og dei skrik så høgt og skjerande at det beste er å late att døra og gøyme kreativiteten til seinare.
![]() |
Minimalisme |
![]() |
"Har bare én tråååd å ha på meg..!" |
Her er nokre eigenerfarte døme:
1: Har me ikkje innpakningspapir? Nei? Då kan me bruke nokre Donaldblad, dekorere litt gråpapir eller for den del bruke eit gamalt putetrekk.
2: Har me ikkje kort? Nei, då bruker me ei høveleg Nemi-stripe, eller skriv til og frå på ei frukt med skal. Eg har prøvd med melon og appelsin. Artig, og mottakaren kan ete kortet etterpå, evt dele det med gjestene. Det verste er at ein truleg haustar meir ros for dette enn for fancy designerpapir og dyre bokhandelkort.
Så no har eg "avskrota" huset. Litt. Gitt vekk kle, dill og dall som har lege urørt i skapet i 5-8 år. Mesteparten var fullt brukande, og i helga vart eit hengarlass med mine ting solgt på loppemarknad til inntekt for Røde Kors sitt arbeid i Syria. Det var mange fluger i ein smekk! For ikkje å seie lopper..
Kontoret er framleis rotetet, men oddsen for at det vert rydda er no betrakteleg betre. Heimen min vert nok aldri heilt minimalistisk, men klesskapet nærmar seg noko. Eg smiler av meistringskjensle kvar gong skapdøra er oppe. I tillegg er tankegangen min i høve materielle ting er snudd litt på hovudet, og eg diggar det.
Takk Tonje, du inspirerer........ og det høver jo fint, for det er vel eg som har inspirert deg til rotet?????????? ;)
SvarSlettmammo
Takk og takk på alle måtar, Mamma! ;)
SvarSlett