Val av folk



Mandag 9.september skal me velja kva for nokre folk som skal styra landet vårt dei neste fire åra. Sidan 1814 har dei folkevalde valt kva for nokre folk som skal få velja kva for nokre folk som skal få styra landet. Fram til 1913 var det menn over 25 år som var dei heldige folka.  Så vart endeleg kvinner óg ansvarlege nok til å ta slike viktige avgjerdsler. Begge partar måtte framleis vera over 25 år, sjølv om dei truleg hadde vore gift i ei årrekkje. Til samanlikning kan me no stemma frå me er 18, sjølv om me ikkje gifter oss før me er minst 30. Nokre kommunar har tilmed prøveprosjekt der dei testar om dagens 16-åringar er vaksne og engasjerte nok til at me kan la dei sleppa til. Sist eg sjekka trong ein ikkje kjenna seg vaksen og engasjert nok sjølv om ein var ein lærar på 28 år i foreldrepermisjon. Likevel, sjølv har eg aldri vore så politisk medviten som eg var i alderen 16-18. Sidan den tid har eg vore ei valvingle, med berre to faste standpunkt. Eg veit kva for eit parti eg ikkje skal stemma på, og eg veit at eg skal stemma. Alltid. Om eg ikkje stemmer har eg nemleg takka nei til politisk uttalerett  i to til fire år framover,
 og det er meir enn eg tør å gå med på. Tør du?

Publisert som Refleks i Hordaland Folkeblad 30.08.2013

Kommentarer

  1. JA! Den som ikkje stemmer kan jo heller ikkje veme og klage og kritisere etterpå :D

    Merethe G

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg