Antiklimask i lause lufta.
Politiske klimaløfter svevar ofte høgt i det blå heilt til dei krasjlandar i sitt eige diffuse tåkelandskap, synest eg. Men det er kanskje litt mykje å håpa på at dei folkevalde skal vera så mykje meir fornuftige og langsiktige enn alle oss andre? Særskild når dei må vera det på vegne av oss vanlege egoistar.
For eg er vel ikkje akkurat noko
prakteksemplar sjølv. Greit nok, i fjor starta eg med kompost, fekk
gangavstand til jobben, kjøpte nokre klede av økologisk bomull og
økologiske grønsaker. Eg føretrekk fisk framfor kjøt, er
fantatisk på kjeldesortering og handlar mest mogleg lokalt. Men i
tillegg vel eg å bruke eingongsbleier til barnet mitt, og ein brukar
visst i snitt 5000 slike før ein går over til vanleg truse. Ja, og
så kjøpte eg ein ny bil og hadde ikkje mindre enn tre
utanlandsreiser med fly. Hmm. Skal tru kva som veg tyngst i
klimarekneskapet?
Dette året skal eg gjera det godt
igjen, kanskje satsa på tøybleier til nummer to og etter planen
ikkje ha ei einaste flyreise. At billettane er billegare enn ein
kinobilett med popcorn til får faktisk ikkje påverka prinsippa
mine. Men kvifor i alle dagar er flybillettar gitt vekk
eigentleg?? Det lurer eg på. Kvifor er det greit at
flytilsette har lusekontraktar om dei i det heile har ein kontrakt?
Kvifor vil me ha latterleg billege billettar når me skal setje liva
våre i ei menneskestyrt forureiningsmaskin 10 000 meter over bakken?
Har nokon sett ein raud lampe lyse varsko her?
Eg har forresten ikkje starta så godt
i år heller. Ny telefon og pc er allereie innkjøpt. Den gamle var
øydelagt og snart ti år gamal, men «Søppelberget» spør vel
ikkje om det før eg slepp inn i den lyseblå Klimahimmelen? Så eg
får prøva igjen til neste år. Då skal me henta oss inn og spela
på lag. Sant vel klima? Du held vel ut med oss eit år til? Slik at
me kan få unna all denne handlinga og forsøplinga fyrst, og så
startar med blanke handlelister og grøne fingrar januar 2016? Det
blir saker. Særeg om eg bruker neste halvår på å legga eit betre
grunnlag for vennskapet. Meir gi og mindre ta, mindre ynskjer å ha,
meir nøgd med alt eg har. Det høyres freistande ut. Det har eg
alltid syns. Bruk hodet – vi har bare en klode, eg og Blekkulf er
framleis så einige som få. Og tanken er god. Men å gjera orda til
handling – eller kanskje ikkjehandling, er diverre ikkje alltid
vinnarvalet når alt kjem til alt. Så svevar eg kanskje i det
blå-grå eg òg.
![]() |
Bilete er henta frå sida: http://fracturedparadigm.com |
Legg ved eit par lenker frå Framtiden i våre hender som eg skal studera nøye sjølv for å lette litt på Klimabudsjettet mitt, og ei nettsak der Regjeringa framstår som klimavenlege. Løftene er der, men landinga er vel diverre noko usikker for både meg og dei blå-blå.
- Slik lagar du mindre søppel.
- Dropp ei flyreise!
- dn: Regjeringa vil kutte norske utslepp.
![]() |
BRUK HODET - VI HAR BARE EN KLODE! |
Kommentarer
Legg inn en kommentar