Solglis.

Nokre opplevingar er så gode at eg rett og slett aldri kunne tenkja meg å få dei i reprise. Eg vil helst ikkje ha bilete av dei ein gong, for eg veit at ingenting vil slå mitt minne av akkurat denne hendinga.

Det kan vera konsertopplevingar, som td Fossekallens Vår med Jostein Odland og Kork.
 Å vandra berrføtt opp svaberget mot mitt eige brudlaup.
 Eit dykk der alt brått er heilt stille og tusenvis av fisk svevar over meg.
Ein liten gut som stolt viser at han kan seia og utføra ein «nase...kos!».
Å tusla heim i soloppgang etter ein frisk fest og høyra fuglane kvitra...
Jepp, dette er oppmuntrande glimt på netthinna. Og eg gjer lurt i å ha dei klare.

Til grå ettermiddagar eg gjerne skulle ha levd om att. Kveldane der alle val vert feil. Eg et sjokolade i staden for å gå ut ein tur. Slår på pcen, endrar eit passord, nytt passord vert sendt til ei epostadresse eg ikkje kjem inn på. Skriv kanskje ein ok tekst, men gløymer å lagra. Klikke, klikke. Denne refleksen er resultatet av ein slik kveld. Den er eit forsøk på å snu kampen på overtid og gje dagen min eit lite snev av meining, trass i ei seigrumpa startgrop.


For det er så mykje betre å enda dagen med eit høgt YES! 
Therese-Johaug-mot-målstreken-på-30-km-gliset. Den kjensla. Eller bortimot.
Heilhjarta gledesrus som skin tvers igjennom, heilt rundt og tilbake mot publikum med enorm smittefare. Eller mot spegelen. Trippa mot senga med eit lite sigers-sprett, klapp på skuldera, bra jobba, stå på! Eg kallar det solgliset, for eg veit det opptrer oftast når eg er ute i sola. Er eg samstundes i fjellet, går gliset rundt heile hua. Om det er meldt sol på ein fridag får eg faktisk gliset berre av å sjå vêrmeldinga. Så eg treng slett ikkje slita så hardt som Johaug. Og no er det vår!  


Refleks i HF 27.03.2015

Kommentarer

Populære innlegg