Solstrålane lever
Solstrålane lever på
jorda.
Av og til vert ei vakker
sol plassert på jorda.
For å gleda dei rundt
seg.
For å spreia varme,
glede, energi og lys til dei heldige som er nære.
Sjølv om strålane gjer
kvardagen lysare for dei næraste fyrst,
kastar dei aldri skuggar
på menneska som står litt lenger borte.
Det gode lyset dei er så
glade i sender slekt og vener vidare, om dei veit det sjølv eller ikkje.
Dei reflekterer det, har
det i seg.
Difor lever solstrålane
vidare, lenge etter dagen då sola sjølv vert henta opp att til
himmelen.
Difor kan gleda spira og
gro i generasjonane som kjem etter.
For dei som har minna som
eit varmande lys i hjarta sine.
Frå dei som må la minna
av sola og varmen leva vidare
ved at dei sjølv har Liv og Lyset hennar i seg.

Kommentarer
Legg inn en kommentar