..And then you dive!

Aah, Kendwa er litt av eit ferieparadis...

Fredag fekk eg endeleg dukka ned til fiskane att, lenge sidan sist no.
Sikten var saa daarleg at eg faktisk var litt mollefonken etter fyrste dykket, til tross for havskilpadda som viste seg rett framfor oss... Andre dykket derimot, var heilt fantastisk.
Etter aa ha kome ned til ca 14 m snudde eg meg for aa sjaa oppover, og der var berre korallkorallkorall,fiskarfiskar i alle fargar og fasongar oppover, medan havet gjekk fraa blaatt til turkis, lysare og lysare mot overflata. Noko av det vakraste eg har sett, med handa paa hjarta.
Ellers har me dansa afrikadans rundt baala og kost oss dei siste kveldane, daffa og ledd om dagane=) Livet er bra, og snart er me heima hos deko!!

Kommentarer

Populære innlegg