Stone Town, Zanzibar

Ankom Zanzibar med baat i gaar, har lese at det er ein av 100 ting ein boer oppleva foer ein doyr, og maa sei meg heilt einig. Utruleg overveldande aa koma inn mot dei store, stilistiske og svaert slitte murbygningane, mot blaaturkis sjoe og regnfulle skyer. Som aa snika seg inn i ei anna verd, til ei noko anna tid. Poesregn og I Love Zanzibar PARAPLYAR moette oss daa me kom paa land, herleg og ganske annleis enn eg hadde sett foere meg! Byen er utruleg sjarmerande. Smale gater, fargerike, slitte murveggar og mopeduttar, frukt og kunst, folk og kattar, rasta og inder om ein annan. Herleg samansurium av moskear, hindutempel, kyrkje og gamal slavemarknad. Var ned i cellene der dei opphaldt over 50 slavar utan mat og kun med saltvatn i ei renne (som og var toalettet) i to veker. Dei som overlevde var saa sterke at ein fekk enorme summar for dei. Saerleg viss dei ikkje grein medan dei vart piska. Ekkelt aa tenkja paa kor mykje grusomt dei gjennomgjekk.

Gler meg til aa utforska meir. Bilete kjem saa snart eg tek meg tida til det.

Kommentarer

Populære innlegg