Hoegtidleg marknadsbesoek i Dar Es Salaam

Dagens happening i Dar:

Etter aa vera ferdig med dagens feltarbeid for oppgaava vaar, tusla Marianne, Kristian og eg innom den store marknadshallen i dag. Korger og spadar var ikkje akkurat det me saag etter, saa sveitte og halvengasjerte gjekk me litt i vaar eiga verd og sosa. Braatt sprang ALLE menna mot inngangsdoera(og det var Ganske Mange). Eg var supernysgjerrig og sprang same veg, medan Marianne helst ville andre vegen fortast mogleg. Haugevis med folk stod rundt inngangen, stemningen var i taken og braatt trakk alle seg litt tilbake, og militaere kom inn. Pulsen var paa 180 der eit par sekundar, men saa var det berre visepresidenten som skulle paa marknad. hehe, its not onlyonly. Mange her er skuffa over presidenten Kikwete, som ein hadde skyhoege forventningar til at skulle rydda opp i alt som heitte korrupsjon, og gje anna gull og groene skogar. I fylgje journalistane har han ikkje alt paa det reine sjoelv heller, og folk demonstrerte og hadde med seg plakatar som me ikkje forstod, for aa visa si meining til visepresidenten.

me skulle eigentleg moeta ein av partimedlemma i CCM, regjeringspartiet i gaar, men han var diverre paa moete med Kofi Annan og leiaren i Verdsbanken nede i Byn. Mykje viktig som skjer i dette landet, artig aa faa innblikk, om det saa maa bety at me ikkje alltid faar moeta dei me har avtale med.

helsing tante reisende Mac

Kommentarer

Populære innlegg