Hakuna matata - to besnærende ord. (skrive 01.03.09)

Hakuna matata- .Det er vårt mottoHva er et motto? Ikke no, men det rimer på lotto!
Nesten to veker har sprunge maraton forbi oss her i Tanzania, programmet og inntrykka gjer stort sett sitt til at me verken får kjeda oss, filosofert eller talt dagar til heimkomsten. Her kjem litt av det som har hendt siste veka .
Sjølv om me kom ein halv time for seint til gudstenesta venta me nok ein halvtime i sola i lag med dei andre kyrkjegjengarane. Følte i byrjinga at me fekk veldig mange stygge blikk, og at me var litt malplasserte, ein svært mzungogjeng som ikke er katolikker ein gong. Men stemningen kom seg då me kom inn. Alt foregjekk på kiswahili, utenom då presten ynskte oss velkomen, men koret var fantastisk, (eigen dirigent til å dirigera “folket”) og elles lot eg augo studera utrulig mange flotte afrikanske frisyrer og ei gedigen, fargesprakende altertavle. På høgre sida var det grønt og frodig, med løver, sjiraffer, neshorn, leoparder og eit lite sauliknande dyr. På andre sider var det ørken og tiggarar, og ei nonne.
Elles besøkte me “lille Denmark” på mandag, der me mellom anna fekk eit foredrag om kultur, konfliktløysing osb av ein utrulig reflektert Tanzanianar. Exchanging greetings og smalltalk var i fylgje han nøkkelen til alt vellukka samarbeid. Har vel litt å læra der. Seinare på dagen reiste me til ein danskdreven barneheim i Usa River. Veldig bra plass der 39 barn har rom, leksehjelp, omsorg og påpass. Veldig kjekt å sjå stadar som fungerer så bra, dei fulgte opp barna heilt til dei var ferdigutdanna, eldste var 22 og gjekk på universitetet. Ungane var på skulen frå 07-1800, og får varm lunsj og frokost på skulen. Det var borna sjølve som viste oss rundt, og var stolte over å syngja, dansa og turna for oss. Og glade for fotballar, sjølv om me nok sat med kjensla over at det er veldig mange andre barn i området som treng leiker meir.
På tysdag var me gjester på det historiske Rwanda tribunalet i Arusha, der dei fleste sakene frå folkemordet i Rwanda vert løyste. Me overvåka ein rettsak mot Setako, og fekk sjå kor omstendelig slike saker er. Vitnet vart stilt dei same spørsmåla om att på ulike måtar minst 15 gongar, for å vera 100% sikker på at alle fakta var riktige. All ære til dommarane som viar livet sitt til å jobba med så vanskelige, så triste og så langtekkelige saker. Møtte ein italiener som hadde jobba i FN ein halv mannsalder, og tydeligvis var ganske fed up av systemet, og la ut “of the rekord” til oss 28 tilfeldige nordmenna om kor korrupt og urettferdig Fnsystemet kunne vera, kor mykje styr det var berre fordi generalsekretæren skulle stikka innom ein halvtime, nei 15 min Toppen, på fredag osv. Etterpå kom endelig helten med flåklypadialekt frå 50-talet og humor der etter, Erik Møse, som har vore dommer i tribunalet i 10 år og no skal tilbake til Norge. Artig kar, -“det skal jeg fortelle dem efteråt, at det var inget vanligt vidne,å neida;…”
På onsdag besøkte Ingrid, Kristian og eg Meru stamma i Tengeru, for å få vite meir til oppgava me skal skriva. Fekk laga vår eigen kaffe(beste eg har smakt her nede). Resten av veka har gått til ulike skulebesøk, bl a praksis på ein higer secondary spesialschool, for særskilt begava gutar frå heile landet, som er handplukka av lærararane sine og sendt av garde for å læra meir. Svært disiplinert og læringsfokusert skulesystem, arbeidsrom og ivrige, kvikke elever. Me hadde ein time om det norske samfunnet, og dei stilte altfor mange intelligente, vanskelige spørsmål. Veldig kjekt å bli testa slik. Lærte dei Knutsen og Ludvigsens”hallo hallo”, som falll i veldig god jord.
Eg elskar å tusla rundt på lokale marked, noko som har resultert i mange flotte kangaar(store stoff), mykje swahilismalltalk og litt diverse fjaseinnkjøpJ På fredag ettermiddag, då me skulle kryssa vegen for å spela litt fotball, vart me nesten overkøyrt av politibilar og eit fæla fylgje i ein fæææla fart. Det var sjølsagt Ban Ki Moon som ankom Arusha. Litt stilig=)
I skrivende stund er me i Moshi, litt lenger aust enn Arusha. Varmare og reinere, om ikke vårt fyrste inntrykk var like godt av menneska som arbeidde her. Men me møtte jo ikke så mange. Me kan sjå Kilimanjaro, men har diverse ikke tid til å bestiga det. I dag har det vore maraton i byen, så det er liv og røre Rundtom. Glad det ikke var me som sprang, det er så varmt her at me tok til takke med det eine bassenget me fekk lov å bada i, sjølv om vatnet var så skittent at ein ikke såg handa si gjennom det-…Dette er faktisk positivt, for då gjer det ingenting om ein berre har bikini(ingen som ser noko uansett)Gler oss til å koma ned til kysten no.

Kommentarer

Populære innlegg