Life is a beach in Zanzibar…=)

Og me kosar oss glugg I hjel…. Fruktsalat og blaatt hav saa langt auga kan rekka til frukost, reker og kvite strender til lunsj, snorkling og nygrilla, sprellfersk fisk til kvelds...
Var paa baattur her om dagen, braatt hylte kristin, og like etter kom ca 25 delfinar hoppande forbi oss, rett attmed baaten. Snorkla like etterpaa,saa kan vel nesten seie me har snorkla med delfinar=) Herleg aa koma ut paa havet igjen, ingenting som er saa beroligande...
Ellers har me no flytta oss fraa Nugtwe, som eigentleg er eit ferieparadis, til Kenwa, som berre er 10 x meir paradisisk!

Reggea og bonfire om kvelden, middagskvil i hengekoya... kan det verta betre?

Snart er me heima igjen, brune og blide og klare for eksamensinnlevering...

Hasta la vista!

Kommentarer

  1. Wow, ver klar over at dit vil eg ned og feire sølvbryllupet mitt! Nokre år til enno, men reknar med du stiller som guide, Tonje? Gledar oss kjempemasse til du kjem heim! Klem ein delfin!
    Mammo

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg