Miss Forståing


Ho trur alt er så enkelt, Miss Forståing. -Me må berre vera høflege, respektera- og læra av kvarandre, byggja bruer, så går dette heilt fint, seier ho, og meiner det.
...Heilt fint?
-Ja, me har alt å vinna. Om me investerer litt i dei menneskelege ressursane no kan me saman løfta oss mot eit varmare, stoltare og meir inkluderande samfunn, seier ho.
..-Og gullstolbæring?
-Nei, det tener ingen, definitivt ikkje. Men å gje folk som er nye i nord ei innføring i bruk av truger er ikkje dumt. Det er lett å falla gjennom her.
Det er lett for Miss Forståing å seia slike ting, ho som jobbar for det kvar dag. Gjennom jobben sin i skulen, på PPT, i NAV, i organisasjonslivet og i sosiale medier. Ho har folk rundt seg som gir næring til denne sjukt slitsame tanken. At verda skal verta ein god plass berre me er gode med kvarandre. Så naivt. Så irriterande Lennon-inspirert, optimistisk og lettvint. Som om me får fleire sjukepleiarar av å gje norskopplæring og praksisplass til dei som vil verta det. Som om ikkje det er eit langt lerret? Som om ikkje det vert hardt arbeid? No når eldrebølgja er over det stakkars Folket Vårt og alt. Ho er så idealistisk, Miss Forståing. Skjønar ikkje sitt eige beste. Blåøyd og snill, med altfor stor tru på menneska ho møter. Det kjem til å straffa seg. Ein vakker dag vil konkurransen om etterpåklokskap bli vunne av heilt andre enn ho. Slike godhetstyrannar har ikkje Noreg bruk for. Det er mykje tryggare å lata Fru Framand Frykt styre skuta. I lag med Herr Hatmannsen, Miss Truisk og Mister Hovudet kan nok ho vise oss kven som ler sist. Dei menneska Miss Forståing trudde kunne bygga opp landet kjem nok til å øydeleggja det til slutt. Berre vent og sjå. Då vert det godt å ha nokon å klandre. Men det er ei Miss Forståing.





Kommentarer

Populære innlegg