Kaldt hovud


-Jammen er det jo veldig flott her i Norge òg, jublar fireåringen frå baksetet.
-Kaldt, kjem det tørt frå toåringen. Etter to dagar med biltur heim frå det store utland er Hardangervidda både eksotisk og kald gjennom bilruta. Motivasjonen for å koma heim til bringebær, markjordbær og sukkererter har faktisk haldt dei glade heile ni timar i bil denne dagen, og draumen om den fantastiske heimen vår veks stadig.
-Sant me skal bada masse i bassenget vårt når me kjem heim mamma, no er det jo Ekte sommar! Entusiastiske fireåringar er uslåelege.
-Kaldt. Berre. Mammo. Bada, konstaterer ho på knappe to.

Me flirer godt i framsetet, før eg hoppar inn i ei lengre tankerekke til småbarnsmor å vera. Er det sånn at ein født optimist automatisk får andre til å kompensera, og verta realisten i forholdet? Er identiteten vår så prisgitt kven me veks opp med, eller omgås? Eg trøystar meg med same logikk kvar gong eg ser Trump i aksjon. For ein slik president må jo tvinga fram ein generasjon med utruleg reflekterte, miljøengasjerte menneske som for alt i verda ikkje vil føra verda vidare på same galei? Litt som mange av oss helst ikkje vil gjera ting heilt likt som foreldra våre. Så vert me foreldre sjølv og tek oss i å seia...akkurat det same. Hmm. Det er ein brest i denne pendellogikken ein stad, men eg har ikkje hjernekapasitet til setja fingeren på den akkurat no. Eg skjønar berre at eg må vera ganske kald for å våga stemma mot verdiane mine ved stortingsvalet, og gå for totalt omvendt psykologi. Dersom denne teorien heldt vatn ville me kanskje hatt ei noko meir spesiell verd?

På Fyksesundsbrua vert resonnementet mitt avbrote.
-Mamma? Om du var ei campingvogn med propell og ratt, då kunne me sete oppi deg og pappen kunne styrt deg rundt på sjøen! Eg let raudstrømpen i meg segla sin eigen sjø. Slik kreativitet må me spinna muntert vidare på.
-Ja, kva vert eg kalla då, trur du?
-Kald, kjem det kjølig frå toårsrealisten.

Jammen då er me inne på noko likevel. Borna mine vert smartare enn meg, og eg vert ganske kald av å vera ei styrt campingvogn med ratt og propell på sjøen. Sånn må det vera. Verdsproblem = løyst.


Publisert i HF august 2017

Kommentarer

  1. more compelling, perhaps it is your best choice.
    Great post. The tips and the ideas given in the post seems to be very much informative and useful for the job seekers. Thank you for such a good post.

    pm 0.1 filter
    hydrogen water machine amazon
    ionic air purifier reviews consumer reports

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg