Ti tusen tommeltottar


Eg er ein «likar» – og eg likar det ikkje. Ein «likar» er pr min eigen definisjon ein som skrollar over innlegg frå kjende og ukjende på nettet og umiddelbart trykker «liker» - tommel opp – for så å susa vidare. Ei kjapp bekrefting av at innlegget er registrert, det var bra, kanskje tipp-topp. Tanta mi seier at ho saknar denne liker-knappen når ho les avisa. For det er jo viktig å visa kva ein set pris på. Men korleis formidla me eigentleg ros i gamledagar (før rundt 2008)?

Ein gong fekk eg telefon frå ein totalt ukjend. Han ville skryta av eit innlegg eg hadde skrive. Tenk det! Han tok seg tid til å finna nummeret og ringa for å rosa framande meg. Ein anna gong kom ei dame bort og sa at ho syns eg kledde bunaden min. Så enkelt. Då kjende eg at dette. Dette må eg òg gjera oftare! Skryta direkte til kjende og ukjende. Klappa dei på skuldera, smila og visa ein fysisk tommel opp om det høver. Ho hjelpsame i butikken. Bestemødrene som gjerne er barnevakt. Venninna som alltid er der. Seie det fjes til fjes utan omvegen rundt teknologiske duppedingsar. Det kostar kanskje litt meir mot, men det er ein langt betre vane. Og effekten varar så mykje lengre! Eg hugsar rosen eg har fått for fleire år sidan, men eg skal ikkje påstå at eg hugsar kven som «likte» det førre innlegget mitt på nettet. Om det er 1, 13 eller 53 har lita betydning. Kanskje eg ikkje høyrer til Generasjon Like. Men eg vil gjerne vera i Generasjon Relasjon.
Som tommelfingerregel tenker eg difor: Det er betre med ein ektefølt klapp på skuldera enn ti tusen tommeltottar på nettet. Eg trur eg skal innføra digital tommelstopp ei stund. Om eg absolutt må lika noko kan eg ofra tre sekund på å slenga inn ein hyggeleg kommentar i det minste. Tommel opp for det!

Kommentarer

Populære innlegg