f-ordet


Du veit, f-ordet. F....! Fem bokstavar. Du brukar det nok av og til du òg. Eit fint og flott ord, fantastisk til skryt. Men plussordet har ein stor minus. Høyrer ein det for mykje i barndomen, kan ein bli livredd for å ikkje vera det. Iallefall ikkje nok. Ein kan tru at det viktigare å prestera enn å vera. Det hindrar meir enn det fremjar læring. Pedagogar mislikar f-ordet, likevel er det overforbrukt i skulen. Klarte du det no?


Så f l i n k du er! Du har nok alltid vore ein kjapping. Smart kniv i skuffa. Klart det, flinke foreldre har du òg!

Eg lurer på.. er barn fødde med interesse av å høyra at dei er flinke? Eller ynskjer dei som oss heller å bli sett for kva dei faktisk gjer, bli støtta slik at dei meistrar utfordringane og lærer noko nytt? Er ungane mine eigentleg flinke når dei et maten sin? Kva med: Så kjekt at du likar maten. Er det rart me har ein ungdomsgenerasjon med nevrotiske flinke gutar og jenter? Eller har me bana den vegen sjølv? Kanskje me burde bruka andre f-ord flittigare. Så fokusert du er! Frittalande, fantasifull, faktaorientert og fleksibel. Så godt at du fyrer laus, fomlar, fablar og fråtsar. Tek ferie. Er ein fantete fargeklatt, fri og fornøgd. Funderar, flikkar, frikar ut og fell for freistingar. Så godt at du feilar, vennen! Det gjer me andre òg, heile tida. Difor er me er friske og lette å bli glade i. Me må berre visa feila våre oftare. Det finst ikkje farleg. Du er fantastisk flink til å gjera feil! Takk, likeins! Det er komplement det. Fullkomne førebilete har flust med flauser og feiltrinn i fortida si.

Kva slags respons ynskjer eg på dette innlegget? Hard nøtt. Men så flink som du er, kjem du nok på noko!


Kommentarer

Populære innlegg