Brillefest

Solbriller gjer omverda ein anna nyanse, eit anna filter om du vil. Med avslappa distanse kan eg vera tilstades utan å fiksa noko. Motsetnaden er klar til andre briller. Plast-brillene mange av oss har fått gjer det til dømes umogleg å gå forbi plastbos i grøfta. Valet står mellom å kverna på kvalte kvalar livet ut, eller å fjerna dødsplasten. Ny kunnskap gjev nye briller om me vil det eller ei, og nye briller endrar måten me ser ting på.


Då eg lærte at Folgefonna er 600 meter djup og at fjorden stikk 850 meter ned var det som eg fekk på 3D-briller for fyrste gong. Skråare og djupare landskap skal eg leita lenge etter!

Konkurransebriller er annleis. Dei gjer naboens flittige hagearbeid provoserande, dyktige kollegaer og veltrente vener irriterande og nyvinningar i nabobygda ruinerande. Byter me dei ut med godbriller gler me oss over eit fint nabolag, inspirerande kollegaer og vener og levande bygder.

 Fellesskapsbrillene liknar godbrillene og kler oss godt, sjølv om dei har sett betre tider. Dei individualistiske karriere-brillene derimot er altfor tronge. Flokkdyr treng å sjå medspelarar, ikkje fiendar og konkurrentar. Framandfrykt- og skjønnheitsbrillene som media trer på oss (ta tre, betal til du vert 80) bør difor knusast og kjeldesorterast snarast. Dei øydelegg synet på oss sjølve og medmenneska våre, og skapar ein kultur for å vera einsam og redd midt i paradis.

Kulturbriller vert gitt oss alle i beste meining, gjennom oppveksten. For oss på bygda kjem ofte bygdebrillene sigande nedover panna samstundes. Brilleglas fylte til randa med alt me «veit» om dei rundt oss. Gamal skit gror fast i bygdebrillene, og å pussa dei er krevjande. Men kva om me byter til godbriller eller dykkarbriller? Folk flest er djupare enn fjorden når me berre ser dei. Snakkar me ope saman klarar me kanskje å byta briller og synsvinkel med kvarandre òg? Best me tek på nypussa godbriller før me byter, så det ikkje vert for skummelt!




Publisert i Hordaland Folkeblad juni 2018

Kommentarer

Populære innlegg