Ekkoalder


Eg har kjøpt meg Eccosko, innrømte venninna mi her om dagen. Alle i det lystige laget skjøna alvoret. Me er ikkje unge lenger. Me er damer i Eccoalderen som kjøper gode sko for å ta vare på ryggen. Håret og festane vert stadig kortare, skjørta og puppane vert lengre. Det et viktigare å sminka seg under augene enn over. Og det beste? Desse faktaopplysingane er fullstendig irrelevante for oss. Nesten. Me er meir medvitne på kva som er viktig og står tydelegare opp for oss sjølve. Me trur me bryr oss katten om trendar og sosiale medier. Me vert oppriktig opprørte av at fine unge jenter trur dei må fiksa på alt. Me må ikkje bli like alle, nikkar me i kor. Men når nokon slepp bomba om at dei vurderer såkalla botonoks, nikkar fleire av hakene jammen då òg. Kva skjedde? Er dette innafor?
Heldigvis landa diskusjonen vår på eit felles argument denne gongen. Me har barn rundt oss. Dottera mi på 1,5 år er i ekkoalderen med dobbel k. Oppgåva hennar er å vera superobservant, notera seg kva alle rundt ho gjer og kopiera etter beste evne. Frå desember av har ho til dømes dyppa brødskivene i mjølkeglaset. Fordi mora dypper julekakene i kaffikoppen. Ho vert skrekkeleg overraska når me påpeikar at det ho gjer ikkje er rett. Ho såg jo sjølv at mammo gjorde det! Denne sosialiseringa held me fram med for å overleva som flokkdyr. Og det er då me tredveåringar må ta eit steg tilbake. Våre uviktige val får ein gjenklang me såvidt anar fyrste tonen på. Kan me stå rakrygga framfor neste generasjon og hevda at «Jodå, vennen, du er heilt perfekt som du er! Mammo brukar tid på utsjånad, trening, sminke, kanskje litt operering. Njei, det er ikkje farleg. Men du er så fin, du må aldri endra noko...» Hoppsann, landar me på beina her er me gode. Sjølv med fornuftig skoval.


Kommentarer

Populære innlegg