Maskefall


-Ta fyrst på di eiga maske før du hjelp dei rundt deg, instruerer flymannskapet. Me tenker oss om eit sekund før me nikkar anerkjennande. Sjølvsagt er det måten å berga flest mogleg på i ein naudsituasjon. Utan luft kan me berre sitja der og dåna og villa kvarandre aldri så vel. Den som set på si eiga maske med surstoff fyrst derimot kan utrette mykje.

Konklusjonen er i teorien lett å overføre til det meste i dette livet. Du les det slik du vil. Småbarnsfasen, studiegrupper, venner, slekt, kollegaer. Av og til må ein ta tak i seg sjølv før ein kan rekka ut ei hand. Ein kan strekke seg til armane nesten fell av, men det er vanskeleg å løfta andre når ein står som ein sundsliten seigemann og svaiar med samanbitte tenner. Tanken er enkel og grei syns eg, men så var det praksisen...

For det kan vera skikkeleg tøft å seia det som det er; Beklagar, eg driv og festar mi eiga maske. Berre vent litt. Ofte er det lettare å hiva på seg den andre maska i staden. Du veit, ikkje den med luft til deg sjølv, men den Superhelt-maska. Klarar-alt-eg-, Tøffare-enn-toget-, Det-går-fint-maska. Den greie, som berre ordnar alt og gjerne tek på seg å fiksa heile flyet før dei andre passasjerane har vurdert å sjå etter naudutgangen.

Det er nok supert å vera superhelt ei stund. Og det er heilt ok å ta ein Prøysen og «Feste maska før en knakke på» i romjula. Men resten av året? Eg lurer på om hausten er ei fin tid for å berre lata maska falla. Heltemaska altså, ikkje den med surstoff. Berre vera maskelaus og rå. Kva trur du?


Kommentarer

Populære innlegg