Berre fortset-forsett


Har du ambisjonar for det nye året, Tonje?

Hmm. Ja, det har eg nok. Lat meg tenkja. Eg trekk pusten og kjenner den friske januariveren storma inn. Fornyings- og forbetringstrongen er like enorm som den er obligatorisk. Alt kan endrast til det betre. Pulsen stig lett medan eg registrerer fylgjande nyårsforsett melda seg:
-Ikkje utsetja ting. Trena meir (sjølvsagt). Laga meir mat, helst kortreist, økologisk, frå bunnen. Skriva meir, lesa meir, vera meir ute, tøysa meir med borna. Kvila når eg kan. Kutta sniksjekking av sosiale medier og fotodokumentering av eit kvart solglimt. Trekka pusten og tenkja før eg snakkar. Sei meir nei, mindre ja. Bidra meir. Klappa meg sjølv og andre oftare på skuldera. Ferdigstilla prosjekta mine. Mala meir. Finna roen. Rydda opp etter meg. Alltid, med ein gong. Laga den barneboka. Ta opp at piano- og gitarspelinga. Verta ein friluftsfamilie. Dyrka meir sjølv. Gå på fleire konsertar, fleire turar, senda fleire brev, eta mykje mindre sjokolade. Nyta livet.
No hyperventilerer eg. Hjernen er brått invadert av ein biesverm med livsstilscoachar som hoppar og sprett i takt med «Berre-gjer-det-Ingvar». Dette går ikkje opp. Ambisjonsnivået må jordast. Eg trekk pusten ein gong til og klappar meg sjølv på skuldera for å faktisk tenkje før eg snakkar. Eg er allereie god på fleire av punkta. Og dei forsetta er uendeleg mykje meir lystbetonte enn dei nye, streberske måla. For ikkje å snakka om slutta-med-lista, den har høg dørstokk. Konklusjonen som fylgjer er genial, syns eg.
Forsetta mine skal vera å fortsetja med det eg er nøgd med. Det vert jammen ei sjølvgod liste. Men eg trur ikkje den er så dum. Motivasjonen er god, dette kan eg jo. Eg skal berre vera meg. Eg er ikkje heilt på bærtur. Om eg er det, kvifor endra retning når det er akkurat i blåbærskogen eg trivs best? Kursen vert ikkje nødvendigvis heilt stø, men eg kjenner i alle fall att dama ved roret. -Berre fortset å ro, du, smiler ho. Snart kjem februar.


Publisert i Hordaland Folkeblad i slutten av januar 2016


Kommentarer

Populære innlegg