Del dine favorittar



Nokre favorittar er til for å delast. Denne novemberdagen vil eg bjuda på med mine ferskaste favorittfakta. Eg har sjekka kjeldevisingane grundig og sortert informasjonen fritt etter eigne assosiasjonar. Versågod, sett dei kritiske røystene i kvilemodus og ta i mot. Nyt gjerne ein kopp kaffi eller te samstundes, for visste du at:
-Kaffi er bra for immunforsvaret ditt? Og grøn te er enno betre.
-Sjokolade med over 80 % kakao vert rekna som grønsak grunna det høge innhaldet av helsebringande plantestoff, mineral og antioksidantar?
-Mykje søvn og avkopling er det nye statussymbolet? Sov litt på den.
-Jo meir du klemmar på ungane dine, jo betre utviklar hjernen deira seg? Hipp hurra for klissemødre!
-Talet på kvinner i verda som dør under svangerskap og fødsel er halvert frå 1990-2016!
-Kina skal bruka 3000 milliardar på fornybar energi fram mot 2020, og mellom anna fase ut kol?
-I februar vart Kenya eit av stadig fleire land som forbyr all bruk, produksjon og import av plast?
- Dugnadsfolk totalt samla inn rundt 3 tonn plast på Vikingnes (i Kvam) i år?
-Fråfallet på vidaregåande i Kvam er på minimale 2 %?
-Verdsbanken seier at me berre er ein generasjon i frå at alle i verda kan lesa og skriva?
-..Og dei som les har mindre risiko for å verta deprimerte, demente, arbeidslause, søvnlause, stressa osb?
-Å lesa forteljingar og romanar er ein god måte å vidareutvikla empatien din på?
-Om du er raus mot deg sjølv vert du automatisk meir raus mot andre, og er såleis med på å skapa ei meir harmonisk verd?
-Det me fokuserer på vil veksa?
-Me kan gjera ein skilnad?
-Eg har mykje meir på lista?
-Det kjem fleire aviser?
-Dette er ein loop?
-Du kan laga di eiga liste?

Publisert i HF november 2017

Kommentarer

Populære innlegg