Merkedag Null


Eg tenkte å skriva om samane sin nasjonaldag, og om deira stadige kamp for vern av natur, beiteområde og kulturarv. I tillegg ville eg trakka litt i merkedagssalaten me står i, der morsdag/fastelavn, blåmandag, feitetysdag og ikkje minst valentinsdag/oskeonsdag pressar på.
Så høyrte eg at Cape Town kan bli den fyrste storbyen i verda som går tom for vatn. Tom, faktisk. Rundt 4 millionar innbyggjarar innfører no ein flaum av sparetiltak for å utsetja «Dag Null». Uansett årsak og tiltak kan tid og vatn renna ut. «Dag Null» kjem kanskje i mai. I så fall vert kranane stengde og ein må stå i lange rasjoneringskøar for å fylla ei 25 liters kanne per dag.
Til samanlikning brukar nordmenn rundt 197 liter vatn dagleg. Fem minutt i dusjen krev ca 75 liter. -Men me har jo mykje vatn? Ja, heldigvis! Men følg meg: I snitt krev produksjon av ei bomulls T-skjorte 1514 liter, ei dongeribukse 6814 liter og ein kg biff 20 000 liter vatn(ca-tal). Eg trur ikkje alt eg kjøper er laga med vatn frå vestlandet. Ikkje kan eg ta æra for vatnet som bøttar ned her heller. For å sitera ein gjeng kloke ungar eg kjenner: «Det er skikkeleg urettferdig!» Javisst! Me er vel same folket, med same behov?
Apropos alt over stel eg eit poeng frå Sametingspresidenten sin nyttårstale: «Våre område er vår arv, vår rikdom og òg vår forpliktelse. (...) Kva ynskjer me å gje etterkomarane våre? Kva skal dei fortelja om, når dei snakkar om oss?»
Vel, kanskje dei kan fortelja at me tok oss ein bolle og gjorde noko kjekt på morsdag, framfor å hamstra plastduppedingsar og T-skjorter til skapet. At vendepunktet kom rundt MerkeDag Null, då me vakna og merka at ressursane ikkje var uendelege. At me lurte og spurte til me fann ut kva me måtte gjera. Tilmed før uretten ramma oss sjølv. Diskusjonen tok me med melis om munnen.

Publisert i HF 09.02.2018


Kommentarer

Populære innlegg